Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Vi fer på fjellet att!

Ord : Tuva

No har vi vore på New Zealand i to veker, og vi er alle mange opplevelsar rikare. Fjellturar, fallskjermhopp, surfing og mange andre aktivitetar – på land og i vatnet. Inntrykka er ikkje få, og kan vere litt vanskelege å ta innover seg med mange lange dager. Vi prøver å ta vare på kjenslene vi får og mimrer litt når vi får tid til det. Dette blir det ofte tid til på bilturane med høg musikk på anlegget og stirring ut av vindauge på det fine landskapet vi befinner oss i.

Akkurat no er vi i Aoraki/ Mt.Cook National Park, som eg er ganske sikker på har den finaste stjernehimmelen som einkvar av oss nokon gong har sett. Lite lysforurensing gir oss eit spektakulert syn av melkeveien, som eg ikkje har kunne sett på veldig, veldig lenge. Mange fine bileter blei tatt, men som guiden vår Dave sa så må vi ikkje gløyme å faktisk vere tilstades, og hugse det i minnet. Om ikkje lenge er heile gjengen på vei opp til Mueller Hut, 1000 høgdemeter opp til 1800 moh. Der får vi endå ein fin stjernehimmel med utsikt til Mt. Cook i tillegg for å toppe det heile.

1700 trappetrinn skal vi gå før vi er framme, og det er nok ein del som både gruar og gleder seg. Vi håpar på ein fin tur, og at alle klarer å unngå å bli solbrent – eller i alle fall meir enn dei allereie er. Når vi er komen opp til toppen skal vi sove på hytta, som ikkje har noko straum og doen er ute. Skikkelig friluftsliv.

Og no går vi.