Ein måndag i september sette vi oss på bussen, klar for ei tre dagar lang pilegrimsreise gjennom den vakre vestlandsnaturen. På menyen denne dagen stod m.a. fergecruise gjennom Hjørundfjorden, eit spøkefullt hotell på Øye, nordens svar på Atlantis i Norangsdalen, og ein krympande isbré i indre Nordfjord.

Fergetid =tegnetid!  Emma i aksjon på fjorden.

Ikkje noko spøkelse å finne på Union Øye Hotell denne gongen heller! Men kaffe og svele var det lettare å finne.

 

Norangsdalen – med Jon Harald som trygg sjåfør. I tillegg til å vere svært vakker har denne dalen også ei undersjøisk seter,- som vi såg ruinane av gjennom vatnet. Ein super stad å dykke!

På veg opp mot Briksdalsbréen.

 

Heile gjengen foran bréen- juhuu!

 

TIRSDAG gjekk turen vestover, frå den koselege leirstaden Fjordly ved Nordfjord, og ut mot Måløy og den stilige Kannesteinen,  vakre Refviksanden, og Kråkenes fyr lengst mot vest.

Glatte svaberg ingen hindring – Kannesteinen må jo berre bestigast!

Eit siste riss av BORG før det rann ut i sanden.

Selfie-time!

Nokon var tøffare enn andre, og Arne tok utfordringa og bada i septemberhavet.

Ingen stopp, utan ein runde Indiacca 🙂

God stemning og stille hav ved Kråkenes fyr

På veg tilbake vart det trøbbel med bussen, som måtte skifte ein del. Heldigvis vart ventetida kort, og vi vart skyssa heim til leirsenteret, der det venta miljøkveld med forskjellige konkurransar og sosiale krumspring.

Vi skal sjølvsagt vinne dette!

Dansekonkurranse! Her var det ingen «moves» som fekk ligge ubrukt 🙂

ONSDAG stod vi tidleg opp, og igjen var det Ato som vekte oss med megafonen sin… og omsider var alle rom vaska og rydda, og bussen pakka for neste stopp: Klosterøya Selja, og surfeparadiset i Ervika. På båten over til Selja var det nokon som kosa seg i sola på øvre dekk, medan andre gjekk ein runde rundt halve øya. Vakkert var det iallfall på Selja den dagen, og vel framme forvandla kapteinen seg til ein historieforteljar i munkedrakt, som sette tankane i sving både fram og bak i tid, med legenden om St Sunniva. Nokon fekk også ein smak på ungdomskjelda – så gjenstår det å sjå om den verkar 😉

Pilegrimsferd på Selja

Nokone prøvde seg som ringarar i klokketårnet, med strålande utsikt!

Med Mari på tur er det alltid kjekt 🙂

Etter dramaatiske historier på Selja, gjekk turen vidare mot siste stopp: Bygda Ervika, og den kjende stranda, som også denne dagen var befolka av surfarar. Men kvar har sanden blitt av? Godt var det iallfall å slappe av til lyden av havet.

 

Så gjekk turen heimover med buss og ferger, med mange store og små opplevingar surrande rundt i hovudet.  Og kanskje var dei «små» tinga det største ved denne turen, – som eit smil på bussen, ei hjelpande hand ned ein bratt sti, samarbeidet i lagkonkurransen, og å oppdage nye eigenskapar ved dei ein trudde ein kjende. Delte ord over bord og frå scena, og den gode kjensla av å vere på same lag, -på reise saman. For er det noko denne gjengen er gode på, så er det å ta vare på kvarandre. For om bussen bryt saman (check), eller Erviksanden er blåst bort (check), eller Ato vekker deg med roperten sin litt for tidleg (check!) – så er det ingen som misser humøret av den grunn. Glimt av sol hadde vi iallfall både inne og ute på denne vestlandsturen. Og regnjakka vart liggande nesten heilt ubrukt!

 

TORSDAG OG FREDAG

Vel tilbake på skulen fekk den derimot gjort sin nytte, ettersom det bøtta ned frå himlen. Noko som gjorde det ekstra gøy å vere i gymsalen, lære litt om foto, og jobbe kreativt innandørs. For ikkje å snakke om ein super fisketur – med tidenes fangst! Etterpå vart det makrell på alle som ville ha! Før heimreisehelg på fredagen rakk også nokon ein tur til fyret på Flisneset, medan andre kosa seg med bakverk på kjøkkenet. Og vips, så var dette eventyret også ute 🙂

I bildegalleriet under er det døme på kunst som vart produsert og bilder som vart bearbeida av elevane.

 

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *