Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Ut på tur, aldri sur

… i alle fall ikkje når du har pakka Amerika-kofferten og berre ventar på at det skal bli natt til måndag og bussen skal plukke deg opp på folkehøgskulen kl. kvar over 4 om natta og det regnar på Sunnmøre og sola skin i San Francisco.

Der er USA-klassa akkurat no. Måndag morgon bryt vi lydmuren og kulturskiljet og klimahindringane og alt det andre og før det er blitt skikkeleg ettermiddag landar vi ved Stillehavet.

Alle interesserte, frå bestemødre til veninner, kan følgje oss her på bloggen. Vi oppdaterer dagleg om våre erobringar og erfaringar og opplevingar. Og vi har tenkt å følgje denne ruta:

IMG_0947

Måndag 2. mar: Ankomst San Francisco. Vi prøver ut Cable Cars og vandrar i China town.

Tirsdag 3. – torsdag 5. mars:  Vi erobrar Golden Gate Bridge, Alcatraz, Fishermans Wharf, badestrand på Stillehavskysten og resten av San Fran. Ein     kveld på proff basketballkamp i Oakland: Golden State Warriors mot Milwaukee Bucs.

Fredag 6. – laurdag 7. mars: Vi tek flyet til Las Vegas, Nevada, berre dei over 21 kan gå på bingo, alle på teater. Vi har avtale med LVUniversity studentar.

Sundag 8. mars: Tur til Hoover Dam, eit av verdas underverk.

Måndag 9. mars: Vi flyr til Phoenix, Arizona.

Tirsdag 10. – onsdag 11. mars: Grand Canyon, overnatting og hike.

Torsdag 12. mars: Phoenix Law Enforcement Center Tour, Phoenix Medical Center Examiner tour og National Hockey League kamp Coyotes mot         Blackhawks.

Fredag 13. mars: Fallskjermhopp om dagen, baseball Arizona State mot Oregon State om kvelden.

Laurdag 14. mars: Konsert og shopping i Phoenix.

Søndag 15. mars: Cowboy i øydemarka: Stivandring, grill og leirbål show.

Måndag 16. mars: Minibuss frå Phoenix, Arizona, til Gallup, New Mexico. Besøk på Bill Malone Trading Post.

Tysdag 17. mars: Til Grants, New Mexico: Petroglyffar, Tamalewood (forsteina skog). Filmstudio-besøk.

Onsdag 18. mars: Albuquerque, New Mexico, varmluftballong-tur.

Torsdag 19. mars: Til Gamle Santa Fe, Santa Fe Trail, indianarkunst-marknad.

Fredag 20. mars: Taos Pueblo, tur i den eldste bebudde landsby.
Vermejo  bøffel ranch, Cimarron, NM.

Laurdag 21. mars: Til La Junta, Colorado. Besøk på Bents Fort. Til Kashare indianar-museum og handelsstasjon.
Til Colorado Springs.

Søndag 22. mars: United States Air Force Academy, Colorado Springs.

Måndag 23. mars: Avreise frå Denver, Colorado, via Amsterdam,
til Noreg tirsdag ettermiddag.