Alle blogginnlegg
Dei heng saman støtt. Dei er blitt folkehøgskule-venar-for-livet. (Kanskje fordi Anne talar nynorsk og Jullie synest nynorsk er så fint?) Anne Odnes frå Vågå var på Kolbotn i vinterferien, hjå Julie Christine Houck Egseth. På Kolbotn er det fest heime hjå venar. Annleis enn det Anne er vant med. I Vågå går det på gamaldans og fele.
Anne-famillien er engasjert i musikk, om enn ikkje så mykje som pappa skulle ynskje. Alle lærer gåmåldans i Vågå. Frå barneskulen av. Anne synest også det er ok med dans, men då må ho ha litt innabords. Anne prøvde heller piano, og orgel som besteforeldra hadde ståande, handball og langrenn (helst med ein eller to hundar til å dra). De forstår, ho vert litt fort lei.
Julie har ei lang ballett-karriere (13 år). Klassisk ballett. Men har slutta no. Kombinert med handball, vart det for mange ankelskader. Fordelen med ballett, er at når du kan det, er alle andre dansar lette å lære. Piano har ho spelt i 8 år og sunge i alle kyrkjekora på Kolbotn (Bagos, Lotus og Opus). Ei karriere som leiar i kyrkja sitt barne- og konf-arbeid har ho også. Og så vart det tid til symjing (sjølv om det tok frykteleg lenge før ho turde å få hovudet under vatn!)
Desse to klaffa veldig fort som USA-klasse-veninner.
– Men kvifor ville dei på folkehøgskule?
Anne syntes det verka som ein chill måte å finne ut kva ho skulle studere. No er det avklart: Medievitskap og BI i Trondheim. Ho søkte først Australia-klasse på Borg, men så såg ho ein slange på bloggen deira, og då skifta ho over til USA! Ho var alt fascinert av Florida dit foreldra hadde drege henne med på spelmanns-oppdrag. Og så hadde Borg to utanlandsturar.
Julie vil eigenleg på Politihøgskulen, men der må ein vere 20 år og ha sertifikat. Søkte eigentleg på Afrika-klasse på folkehøgskulen i Ulsteinvik, men kom på at det er mykje farleg mat i Afrika, og det passar dårleg når ein er veldig mat-kresen. Kom så på at ho har amerikanske besteforeldre, så kanskje ho skulle styrke kontakta vestover.
Dette året har ho no nesten gitt opp Politiskolen. Kanskje ho heller skal bli sjukepleiar og jus-student? Nye forslag dukkar stadig opp i dette spontane hovudet.
– Kvar vil så desse damene vere om 10 år:
Anne trur då ho bur i Los Angeles i ein liten, men grei villa (ho er nemleg husredd når ho er åleine, og då er det greitt at huset ikkje er for stort) men garasjen skal vere stor, plass til 3 bilar. Mannen er amerikansk aksjehandlar som har tent styggmykje pengar. Sjølv arbeider ho som eigedomsmeklar, har fleire hundar, men det er enno 5 år til fyrste barnet. (Det er uavklart kven som skal køyre alle dei tre bilane).
Julie vil ha mange barn, både eigne og adopterte. Ho vil vere ei arbeidande familiemor som bur i eit nynorsk-område (i alle fall til borna har vakse til). Mannen må kunne forsørge heile den store barneflokken, men kan ha kva jobb som helst. Det materielle betyr ingenting. Borna skal danse ballett på fritida, helst på Operaen.
Her skal det bli litt av ein dans!