Alle blogginnlegg
Siste par ut i USA-klassa er eit par seniorar, to forhenverande og noverande som ikkje kan få seg til å gi opp USA-klassa. Daniel Frafjord og Kathrine Porsanger Ledang er gamlingane som gjekk USA-klassa ifjor, men no er tilbake med ein ekstrarunde.
Daniel er stip på Borg dette året knytt til vår klasse. Han representerer rutina og held styr på gutane. Dei siste dagane har det lukta av heile gjengen, for Daniel har steikt bacon til heile romet. Kathrine spurte fint om å få vere med på ein tur til, og det hadde vi plass til.
– Ok å vere på reprisetur?
Begge svarer spontant at årets USA-kull er både gira og engasjerte (annleis enn fjoråret!). Dessutan har vi ei meir spennande reiserute i år, kulare aktivitetar. Rafting var kjempekult. Kathrine saknar litt fleire kunstgalleri, men vertsfamiliane i St Joseph var fantastiske og student-skygginga var heilt topp. Så dette var ingen reprisetur, nei.
– Høgdepunktet på turen?
For Daniel var det dei 18.000 fot fallskjermfall. For Kathrine var det stjernetittinga på Cocoa Beach.
– Har du blitt eit betre menneske siste året?
Daniel har meir ro i seg, slappar meir av, kan reisinga sine rutiner. Han kom litt bakpå i starten av skuleåret pga eit sjukehusopphald, men turen har vore kjempegod sosialisering. Han er veldig glad for stippeåret.
Kathrine har vore rastlaus siste året, stressa med å få seg jobb, gjekk 4 månader før det opna seg to barnehagevikariat. Etter det har livet smilt til henne.
– Kvar er de i livet nett no?
Kathrine ser seg sjølv sitjande i vegkanten og luktar på blomstrane. Ho tenkjer absolutt ikkje på framtida. Det som har gitt henne livsinnhald, er ungane i barnehagen som så tydeleg set pris på henne, gir klemmar og kjærleikserklæringar. Og å vere med på denne turen.
Daniel ser seg sjølv i ein bil i veldig sakte fart på veg mot ei rundkøyring og er usikker på om han greier å bestemme seg for kva veg han skal ta ut av rundkøyringa. Imens køyrer alle kompisane forbi han med ferdige læringeattestar og eksamenar.
– Kva blir det til hausten?
Daniel vil helst inn på medie-produksjonstudiet i Stavanger. Plan B er statsvitskap eller sosiologi. Draumen må vere å få seg jobb innan 3D-produksjon av dataspel. Han vil helst bli i Stavanger, for no samlast kompisane seg der igjen, etter til dels mislukka forsøk på å kome i gong i andre byar.
Kathrine vil helst inn på eit studium ved universitetet i Agder: Litteratur, film og teater. Det tek eitt år, etter det er framtida usikker.
– Kvar er de om 10 år?
Kathrine har absolutt ingen draumar. Ho berre flyt med som dagane går. Men ho har lyst på ein fransk bulldog eller ein corgi med namnet Arne.
Daniel trur han har blitt produksjonsansvarleg for 3D spelproduksjon. Han bur i San Francisco i leigd hus med familie og hund.
Og vi seier: Bon voyage!