Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   USA-profil: Sigurd karolinger
img_6073_web
Tipp-tipp-tipp-oldefar til Sigurd Johasen kjempa for svenskekongen på 1700-talet som karolinar, så han meiner å ha rett til å bruke det namnet, som stammar frå ei fransk adelsslekt som kom til Sverige med Karl 12.

Sigurd er ein fargerik nordlending med 6 år i Bodø og 5 år i Kvæfjord før han slo seg ned i Drammen. Interessene har vore bassgitar (som han spela med ein nesten blind lærar) og speidar som han avanserte i heilt til rover-stadiet. Ei fleir-årig fotballkeeper-karriere har han også bak seg. Elles har det gått mykje i dataspel.

Det var mamma som foreslo folkehøgskule. Ho surra lenge rundt på nettet og fann Borg, men den kom på 2. plass, etter ein musikkfolkehøgskule som vart forkasta. Sigurd interesserte seg ikkje særleg for Borg før USA-klassa dukka opp. Men han trengte først eit sosialt sett roleg år før han ville innta USA.

"Borg og USA-turen har løfta meg og strekt meg lenger enn eg hadde drøymt om," seier Sigurd i dag, og framstår på USA-turen som den mest ivrige og dyktige i å konversere amerikanarar på deira eige mål. På kvart einaste stopp kastar han seg over nye samtale-partnarar.

img_6015_web
Framtida er ikkje heilt avklara for Sigurd, men det vert sikkert tilrettelagt arbeid på "Enter" i Drammen. Å vere nordlending i Ålesund og Drammen er greitt nok, men han har mest lyst å bu i Bodø eller Lofoten. Der er friskare natur og meir stabilt vér!

- Kvar er han om 10 år?

Då håper Sigurd å ha nok pengar til å studere anten i USA eller Japen. Han har fått si eiga leilighet i Drammen, men det er lite håp om eiga kjerring. Men som kjent, med dame er det halvparten så gøy og dobbelt så dyrt. Karolinaren med sterk historie-interesse og spesielt våpen-historisk interesse, håper også å ha fått samla nokre knivar, pistolar og somme andre våpen.

PS: Sigurd likar alle lærarar på Borg, faktisk også Matthias og Ottar.
img_5736_web