Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   USA-profil: Kari-Anne – redde verda eller synge

img_6265_web – Kopi

Kari-Anne, ein høgtalar av liv og latter, engasjement og friske meiningar, viftande armar og intenst blikk. Vi har å gjere med ei dame som har alt og som vil alt. Handballtalent sidan 6-årsalderen, songtalent, politikartalent, skravletalent, skrivetalent – berre for å nemne litt. Er det rart ho slit med å velge?

Kari-Anne Helland Barland er president i USA-klassa. Frå Kolbotn som Julie, som ho også har sunge i kyrkjekor med.  Ho arva folkehøgskule frå to eldre brør, så det var berre snakk om kva for ein. Borg skilde seg ut når ho begynte å studere USA-linja nærare. ‘Civil rights’, Israelstur, Ålesund – alt dette drog. Og sidan ho berre måtte kome seg bort heimanfrå ei stund, så ….

Kari-Anne har alltid vore ei skrive-jente. Heilt sidan ho som 7-åring skreiv si fyrste historie på pappa sin PC. Ho skriv mest refleksjonar kring eigne livserfaringar og saker som engasjerer henne (og det gjer alt). No har ho eit dokument på 45 sider liggande, nye sider vert lagt til dagleg. Det har blitt mykje refleksjonsnotat på USA-turen. Med proppar i øyrene sit ho i vår mini-van og forfattar stykke om Martin Luther King og borgarrettskampen, om kvinnekamp, flyktningespørsmål, andre internasjonale konflikter og om opplevingar på folkehøgskule. Spontan-skriving for det meste. Som mest alt anna i Kari-Annes liv. Mykje kjem ut rett frå levra.

– Har folkehøgskuleåret svart til forventningane?

Absolutt. Mykje meir enn forventa. Ein ny tryggleik, erfaring av reelle venskap og fellesskap. Masse høve til sjølvrefleksjon, ikkje berre turar som det er så mykje snakk om i fhs-reklamen. Ho har oppdaga så mykje nytt og spennande, Vest-breidda, USA-turen. Får så lyst til å bidra til den kampen folk fører mange stader i verda.

img_5694_web – Kopi

– Kva slag studium og jobbar ser du for deg?

Eg må skrive, synge, apellere, kommunisere, påverke …… Kasnkje studere menneskeretts-jus. Eller statsvitskap. Eller psykologi. Eller skrivekunnskap. Eller kommunikasjon. Eller talekunst. Eller ….. (så har ho endeleg ikkje pust til meir). Ho vil i det heile teke mykje meir enn ho har tid til. På alle tenkjelege måtar vil ho gi stemme til dei som treng det.

Kari-Anne kjem frå ein samfunnsengasjert stor-familie. Med farmor som var 12 år på Stortinget, veldig sosiale familiesamankomstar, storfamiliehytte, fire besteforeldre, dopingengasjert far, samfunnsengasjert mor osb. Ho er prega av heile familien. Og politikar-farmora gjorde henne glad i å synge. Ho kunne heile songboka frå 1942 utanboks. Ho fekk bryne seg også mot to storebrør og måtte kjempe for å få gehør.

– Kvar er du om 10 år?

Då har ho ein kjekk mann som er lege eller advokat eller heimeverande med 2 born. Ho bur i stort, kvitt hus med pickett-gjerde og balkong på soveromet. Sjølv har ho ein samfunnsengasjert jobb med nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt som handlar om å forbetre levevilkåra for menneske. Ikkje 9 – 4 – jobb akkurat. Kanskje på Stortinget, eller ved menneskerettsdomstolen i Strasboug eller reportasje-journalist med fotograf på slep. Og så har ho oppdrag som songar.
Ho bur anten i Larvik eller ved Hardangerfjorden. Vanskeleg å velge mellom bygde- og by-livet. Men ho har eit turkis feriehus i Florida og lita hytte med båt i Bamble.

Eller for å seie det kort og konsist: Kari-Anne skal anten redde verda eller synge.

img_6266_web – Kopi