Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   USA-portrett: Tale og Birgit – musikantane

img_5693_web

Der er mange band mellom oljebyen Stavanger og Noregs eldste by, Tønsberg. I USA-klassa er der eit musikkband, representert med Birgit og Tale. Birgit Hareland Bustad er Stavangerjente med ei musikk-karriere som omfattar kordireksjon, song, tuba, ukulele, gitar, althorn, piano, fløyte, baryton (for å nemne alt). Tale Lepperød Rushfeldt frå Tunsberg er noko så uvanleg som klassisk pianist som også er gamalcountry-, spes. Johnny Cash-, entusiast. Dette siste kom til sin rett her i Nashville.

Begge er heller makeleg anlagt. Venene til Birgit seier ho er for lite spontan til å rekke å gjere noko gale. Alt er vel gjennomtenkt og kalkulert. Difor kan begge gjerne ligge og dra seg om morgonen til dei anten blir svoltne eller må på do.

img_5690_web

Tale meiner sjølv å ha blitt noko meir effektiv med åra. Ho har spelt piano heile livet. Elles gjekk tida på vidaregåande med til lesing, teikning og vener i eit kristent ungdomsmiljø.

img_5684_web

– Kvifor ville dei gå på folkehøgskule?

To grunnar: For å sleppe tenkje på utdanninga og for å kunne reise. Eldre syskjen som har gjort det same, har også påverka.

– Har folkehøgskuleåret levd opp til forventningane?

I rikt monn. Dei har møtt andre, budd ilag med dei, målt seg mot dei, opplevd ting ilag med dei og blitt vener. Mykje betre enn å gå heime og berre tene og bruke pengar. Opplevingane har sett preg. Begge har oppdaga verdien av både samhald mellom vener og norsk natur. Særleg turane på folkehøgskulen har utretta mykje. Birgit gjekk ned 5 kg dei fyrste vekene på Borg berre pga alle turane. Geiranger-turen var Tale’s favoritt. Elles står pilegrimsturen, fri flyt, Israelsturen og småturar til Høgkubben høgt i kurs.

USA-turen har vore fantastisk, er jentene samde om. Møte med vertsfamiliane og andre amerikanarar, oppleve den opne og direkte USA-veremåten. Og å oppleve gamle byar som har stått stille sidan 50-talet, møte servitørar som har jobba i 14 timar, er dødstrøytte og smiler likevel, treffe menneske som spør etter oss og er verkeleg interesserte i oss. Det har sett preg.

– Har damene kjæreste?

(Sukk) nei, seier den eine. Er ikkje imot det, men ser heller ikkje etter det, seier den andre. Single-livet er fantastisk.

– Kvar er de om 10 år?

Då har Birgit kjøpt hus på billegsal i Stavanger der ho jobbar som kommunal sosionom og har eitt barn på veg med ein snill mann frå Vest (-landet, -fold eller Midt-).

Då er Tale prisbeløna pianist som har vunne grammypris, har spelt to gongar i Grand Ole Opry, bur i eit herskapshus i Missouri/St Joseph, er gift med musikken og har eit par tre huskattar.