Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   UNLV

blog_2478University of Nevada Las Vegas. Når ein millionby har vakse fram i ørkensanden og mamma og pappa arbeider på eller for kasino- og hotell-næringa (den einaste som held byen igong), må nokon også gi ungdomen utdanning. UNLV har opparbeidd seg rykte som eit av dei verkeleg gode her på kontinentet.

«Rebels» heiter basketballteamet. Heilt i tråd med sportstradisjonen her til lands der laga anten er oppkalla etter rovdyr, krigarar, bandittar eller andre hardhausar.  Og her på campus er ‘rebels’ heltar.

Idag har vi hatt hyggeleg besøk med studentar og campus-livet på eit vakkert og veldrive universitet. Som attpåtil spanderte lunsj på oss. Ikkje rart vi er glade, og litt av det har vi sola å takke for som gir oss 22 gr i skuggen.

blog_2468 blog_2479 blog_2477 blog_2472 blog_2471 blog_2470