Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   ‘THEM OLD COTTON FIELDS BACK HOME’

Tekst Ottar, Foto Nils Joakim og Per
Der var vi idag. Boone Hall Plantation er ein av få gamle sørstats-plantasjar stadig i drift. Vi besøkte autentiske slave-hytter, ‘old cotton fields’ og fekk møte representantar for ‘gullah’-kulturen. For ei veke sidan stod Oscar-vinnaren ’12 YEARS A SLAVE’ på programmet vårt, og idag stod vi midt på scena der slikt verkeleg hende. På ein bomulls-og ris-plantasje like ved den storste hamna for slavetransport i den storste slavestaten.

DSC_0598
Vi anbefaler alle som har nervar til det, å gå og sjå filmen. Slavehusa står enno, sjølv om dei siste som budde i dei, flytta på 1940-talet. Her vart menneske haldne som husdyr, kjøpte og selde, og ofte behandla dårlegare.

No er dette museums-stoff. Likevel skal det vere fleire slavar på jorda idag enn nokon gong. Ikkje berre TV-slavar,
men verkelege. Er menneska enno ikkje komne lenger i si ‘utvikling’?

1-IMG_72821-IMG_7286DSC_0610DSC_0595