Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Sunset Beach

img_6290_web

Calm down and relax, we are on Ana Maria Island time, heiter det på desse kantar. Deilig å kunne vandre på stranda med den mjølfine sanden under føtene til den lokale «All You Can Eat Pancake»-plassen til frukost. (Ingen har prøvd seg som rekord-setjar enno.) Så ein dukkert i den grøne Mexico-gulfen. Deretter ein tur med den gratis trolley-bussen som går opp- og nedover den einaste gata på øya.

Utover dagen soling på beachen så lenge skulder-huda toler det. Lese ei bok på solsenga. Så bortover gata og leige ein sykkel og tråkke øya rundt og sjekke beach-kvaliteten på nord-, aust- og syd-sida. Beundre dei knallfarga vårblomstrane. Sitje på ein benk og betrakte det slakke bymiljøet med ferierande amerikanarar frå kalde nordstatar og attgløymde hippiar frå 70-åra. Ta seg ein kaffi på ein av dei hyggelege strandkaféane.

På kveldstid dagleg allmøte med ord-for-dagen, nye innlegg i vår thanksgiving-journal og meldingar om neste dagsprogram. I kveld også med takketale og gåveoverrekking frå våre amerikanske partnarar og venar, Jim og Carl, til snart-pensjonist Ottar som er på sin siste USA-tur: Plakat med medaljongar frå alle Apollo-missions.

Og avslutte dagen på stranda medan sola fargar horisonten i vest og dukkar seg langt ute i havet slik vi gjorde oppunder land. Faktisk like vakkert som utpå øyane på Sunnmørskysten. No offense. Og ingen heimlengt.

img_6260_web – Kopi img_6213_web – Kopi img_6241_web – Kopi img_6242_web – Kopi img_6245_web – Kopi img_6249_web – Kopi img_6252_web – Kopi img_6255_web – Kopi img_6278_web – Kopi img_6279_web – Kopi img_6288_web – Kopi img_6295_web img_6297_web