Alle blogginnlegg
Dagen starta med frukost 04.00, og vestlendingane kunne føle seg heime. Då me skulle gå til den første porten regna det trollkjerringer, og kl 05.00 var me i gang med dei 1730 trappetrinna opp til Machu Picchu. Nokon sprang opp, medan andre var så redde for at dei ikkje skulle rekke tidsfristen på toppen 06.10 at dei jubla høgare enn då Noreg tok OL gull i handball. Då alle var oppe, byrja den to timer lange guidingen rundt omkring i Machu Picchu, der me blant anna lærte om korleis dei levde. Humøret sank gradvis nedover då det virka som om regnet aldri stoppa, og tåka låg tett. I 9-tida begynte det endelig å letne på både regn og tåke. Dei som følte seg ekstra pigge gjekk opp på fjellet som gav namnet til Machu Picchu, der ein kunne sjå byen Machu Picchu med panorama-utsikt utover nabobyane og -fjella. Då me kom ned igjen til machu picchu-byen hadde all rest av regn og tåke forsvunne. Humøret vårt var på topp, og me kunne nyte utsikt, ruiner og me brukte tid på bilder. Så tok me fatt på alle trappetrinna ned igjen til landsbyen og hotellet. Kl 16.15 var me på på veg tilbake til Cuzco med Inka Rail og buss. Då kvelden kom var alle i himmelen av ein god dusj, reine klede og ein god seng.
Ann Elise og ?
Foto: Per Strøm