Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Srebrenica

Korleis kan ein overleve ein krig? Ikkje berre krigen, men alt det som kjem etter ein krig? Dette vart ein stor del av vårt besøk i Srebrenica. Men ikkje berre det. Eit varmt møte med ein familie som elskar plassen dei bur og som ønskar eit samfunn av borgarar, ikkje splitta opp i folkegrupper med forskjellige etnesitet og religion.

Vi drog frå Budapest og visste at vi hadde ein lang køyretur med to grenser å krysse. Etter eit par timar kom vi til EU si yttergrense. Der vart vi ståande i ei kø som var svært ujevn og no og då kom det nokre bilar opp på sida som vi meinte heeeeilt sikkert må ha betalt seg fram. (Fordommane kjem fort fram når ein ventar utålmodig i kø) Etter 2,5 tima vart vi sendt over grensa til Serbia og cruisa oss gjennom endeløse sletter til vi kom fram til elva Drina. Den er grensa mellom Serbia og Bosnia. Vi følgde grensa og kom til slutt fram til ein liten grensepost. Vi var komen fram til Bosnia, Rebublika Serbska! Etter ein kort telefonsamtale med vår nye venn Muhezin fann vi han på ein bensinstasjon i nærleiken av byen Srebrenica. Ein herleg bamse av ein mann helse på oss med stor entusiasme og ønska oss velkomne til Bosnia,- «der all logikk opphører», som han sa. Han var gaid til landsbyen han budde i, Pobude. Det siste stykke gjekk bratt opp i fjellet og vi enda opp i eit tun med hovedhus, geitefjøs og ein haug med hundar.

Her fekk vi møte kona Emina, dotter Emira (15), son Amir(9) og dotter Hannah (5). Dei hadde enda ein son som gjekk på skule i Sarajevo. Vi fekk mykje god omsorg, god middag med kaffe og fekk tidleg erfare at Muhezin er ein stor forteljar. Han er ein svært viktig mann for landsbyen og løyser dei fleste problemer for sine vener og medborgarar. Han har ein sterk draum om at Bosnia igjen må verte slik det var under Tito. Eit land der det er plass for alle på tvers av etnisitet og religion. Han er ein sterk Bosnier som kjempar for at landet skal verte enda meit sjølvstendig enn dei er no i Rebublika Serbska. Han gaida oss gjennom historia og krigen frå 1992- 1995 der han sjølv forsvara sin eigen landsby som best han kunne. Ingen i Bosnia var forberedt på krig og hadde difor lite våpen. Han var sjølv berre 17 år då krigen braut ut.

Etter mykje prat og ekte Bosnisk kaffe fekk vi gode senger og kvilt oss ei natt før vi vakna til god frokost. Muhezin hadde lagt planar for oss og dei starta med eit besøk på museet over folkemordet i Srebrenica i 1995. Ein film viste oss grusomhetene som skjedde 11-12 juli. Eg trur vi alle sammen følte oss uvel etter dei sterke bileta av vergeløse menneske som møtte døden. Dei som trudde dei var beskytta av FN soldatar innenfor sikkerhetssona som var oppretta, men som vart overlatt til serbiske soldatar som skilte kvinner og born frå menn. Det vart ekstra sterkt når ein veit at det var akkurat her det skjedde.

Vår venn Muhizin gjekk sjølv «dødsmarsjen». Då dei skjøna at det internasjonale samfunnet ikkje ville sende bombefly for å stanse det serbiske styrkane gjorde dei eit forsøk på å lage eit tog av menneske frå Serbrenica til Tulza som var kontrollert av dei Bosniske styrkane. Berre ein tredel av dei 15000 som starta kom fram. Muhezin overlevde ved å gøyme seg i skogen der dei stadig vekk vart forsøkt funnen av hundar. Han kom seg til slutt i sikkerhet i Tuzla.

Etter museet gjekk vi bort på kirkegården der det i dag er 6500 graver. Dei manglar endå meir enn 2000 som ikkje er funnen eller ikkje har vorte identifisert. Å sjå dei lange radene av kvite gravsteinar gjer inntrykk. Korleis er det mogleg at dei som før levde som naboar slakta ned kvarandre på denne måten? Korleis er det mogleg at vi kan gjerne noko så vondt mot kvarandre? Når vert hatet så stort at slike handlingar er moglege?

Fryktretorikk er noko av det mest effektive som finnast. Mennesker som fryktar kvarandre kan gjere fryktelege ting. Det er viktige refleksjonar for eit samfunn å gjere seg i fredstid.

Kontakten med Muhezin fekk vi gjennom Nansensenteret sitt arbeid med forsoning gjennom dialog. Vi må alltid søke dialog og forståing for dei som er annleis enn oss sjølve. Berre på den måten vinn vi over framandfrykten og kan leve saman i tillit.

Det er enda ein lang veg å gå før Bosnia opplever det same som før krigen. Men det oppstår i dag som før den grusomme krigen, kjærleiken vinn over skilelinjer og mennesker finn saman på trass av den blodige historia.

Vi fekk også besøke eit senter for born der dei som bur i landsbyar langt frå skulen kan bu gjennom veka. Her har dei fleire vener enn i dei små landsbyane og dei får delta i ulike aktivitetar. Her møtte vi Bernis Ademovic. Han var berre 6 år då krigen braut ut og mista både far og onkelen sin i massakren. Han hadde sjølv rømd saman med mor si som i dag berre har to av seks born i live. Vi hadde ein sterk samtale om korleis ein kan kome seg vidare etter ein krig. Korleis møte med serberar etter krigen var med på å hele hatet dei gjekk å bar på. Muhezin fortalde at han hadde tilgitt grusomhetene under krigen, men hadde ein sorg for alle dei som framleis ikkje kunne skjøne at Bosnia kan vere eit land for alle. Eit land for alle bosniere. Det kan verke utruleg at tilgjeving er mogleg, men Muzin fortalde at han ikkje hadde meir hat å gje.

Etter lunsj ved Emanuelsenteret, reiste vi inn til sjølve byen. Der gjekk vi ein tur opp til nokre kjelder som gjorde at Srebrenica før krigen var eit populært reisemål. Det er mineralrike kjelder som skal hjelpe for alt frå mageknip til kviser. Den øvste skulle gjere bra for venleiken og var svært populær. Som selskap på vegen vart to rockemusikerar frå byen med. Det var ein Bosnisk muslim og ein serber. Dei var born under krigen og meinte sjølv at dei hadde brukt nok tid på å fortelje om krigen. Sidan mange flyttar frå byen har dei laga ein kul rockeklubb og vil gjennom den lage eit miljø som unge set pris på og difor har ein god grunn til å bli buande. Det er viktig for byen å sjå fremover.

Torsdag vakna vi til regnver, men etter frokost ville Muhezin vise oss landsbyen sin. Vi vandre på vegen landsbyen sjølv hadde samla inn pengar til og måtte etterkvart hoppe over elva for å kome til ein landsby som var heilt forlatt etter krigen. Det var rart å sjå korleis naturen hadde tatt tilbake murane på alle husa som før krigen hadde vore eit lite samfunn. Her brann og herja krigen slik at berre restar av murane på huset sto tilbake. Det einaste huset som var bygd opp att var moskeen som sto heilt på toppen av ein bakke. Den vart bygd opp att slik den var før, ikkje som mange andre stader i Bosnia der Iranere har bygd opp moskeane større og med høgare minaretar enn før. Her skulle dei ha ein Bosnisk moske på deira måte.

Etter ein vemodig avskjed med familien reiste vi for å spise lunsj i Zvornik. Etter ein kaffe på yndlingskafeen til Muhezin og lunsj køyrde vi opp på middelalderfortet på høyden over byen. Der fekk vi ei siste historie frå Bosnia. Om ei dronning som kvar morgon ønska seg eit oksehjarte og varmt brød til frokost. Etter denne legenda frå ei stolt Bosnisk historie fekk alle dele nokre fine ord om vårt besøk hjå han.

Dette blogginnlegget trur eg du kan rekne som terapi. Historia om vår tids Holocoust er så frykteleg og så uforståeleg at eg kjem til å leve med den lenge. Dette skriv eg etter å ha vore i Beograd og sett Ratko Mladic på en kjøleskapsmagnet. Korleis kan nokon hylle ein mann som er ansvarleg for eit folkemord?

Kvart år 10 juli treffast tusenvis av menneske for å gå distansen mellom Srebrenica til Tulza. Ein fredsmarsj. Då er huset til familien til Muhizin fylt til randa av folk frå heile verda.  Dei går den same vegen Muhizin gjekk kalla «dødsmarsjen». På denne måten heidrar dei alle dei som mista livet og minner verda på det som skjedde midt i Europa uten at det internasjonale samfunnet greip inn. Kanskje kan denne turen inspirere våre elevar til å delta ein gong? Det hadde vore flott!

 

Bilder fra Pobuđe – heime hos Muhizin

 

 

Vandring blant hustufter i gamle Pobuđe

Hustuftene etter det gamle Pobuđe – forlatt etter 1995.

 

Srebrenica – minnested og gravplass etter folkemordet 1995 

Emmaus-senter

Internat for barn som bor langt unna Srebrenica

Kveldstur til kildene 

Srebrenica har lang historie som kurbadeby – vi fikk være med på kveldsvandring til kildene som leger både jernmangel og øyne. Rockegutter fikk vi også bli kjent med – videoen kan du se nedenfor denne bildekarusellen! Noen av husene står som etter beskytningen byen opplevde 1991-1995. 

 

 

Zvornik

Grenseby ved Drina – fantastisk utsikt fra festningen