Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   SKYDIVERS PÅ FREDAG 13.

blog_2775

På norsk best omsett med ‘himmel-dykkarar’. Og slik såg det ut frå jorda: Dei kom som dykkarar ut av det blå. Dei mest engstelege på førehand, kvitra og jubla høgast etterpå. Då var det krigsdans og jubelrop, og ‘dette skulle mamma ha sett’. Og ingen overtru om ulukker på ein dag som denne.

13000 fot er nesten dobbelt så høgt som Galdhøpiggen (rundt rekna). Der var desse tøffe USA-klasse-elevane idag. Midt i tørraste ørkenen i Arizona.

Frå lufta såg dei landskapet frå Phoenix til Tuscon. Innimellom ein og annan grøn flekken som resultat av vatningsanlegg, men elles berre sand og kaktus. Ein halv times papirarbeid med å fråskrive seg alle rettar til å saksøke firmaet om noko skulle gå gale og fleire timar med sveitte hender og engstelege ansiktsuttrykk, låg bak dei.

Dei ikkje akkurat hoppa ut av flyet, meir snakk om å bli dytta, innrøma ei av dei. Men så var det også hopp-instruktøren som hadde kontrollen. Over alt det tekniske. For alle let seg friviljug binde fast og frakte til dei store høgder.

No er dei heltar både i eige liv og i våre auge.

blog_2618 blog_2772 blog_2761 blog_2749 blog_2734 blog_2723 blog_2704 blog_2702 blog_2696 blog_2695 blog_2693 blog_2692 blog_2691 blog_2688 blog_2686 blog_2685 blog_2681 blog_2675 blog_2669 blog_2662 blog_2651-2 blog_2651 blog_2641 blog_2631 blog_2628 blog_2627 blog_2626 blog_2621 blog_2620 blog_2619