Søk plass
Hjem  |  Uncategorized   |   Shalom Israel

Bloggrapportar no om dagen må ofte vere blodferske. Ting kan ikkje ha skjedd før helga. Nyhende kjem instant på instagram og i snapmeldingar. Men vi har teke oss tida til å fordøye dagane heilt til no. Kanskje får vi spedd på med noko som er så ferskt at ingen andre veit det, heilt til slutt!

Staten Israel likar kontroll, det veit vi litt om frå før. Derfor sende dei sine eigne folk til Vigra for å gjere sikkerheitssjekk og intervju med kvar einaste ein av oss før vi fekk komme i flyet. Kven pakka kofferten, kvar, og kva var inni. På Ben Gurion flyplass i Tel Aviv kom alt tilbake til oss slik ein håpar på, og frå temperert ankomsthall gjekk vi ut i ein varm kveld. Dykkaraspirantane vinka vi avgarde til Eilat i sør, før vi som var att fann våre tre bussar og sette kursen mot Jaffa. Tel Aviv er stort nok til å lage eit lyshav i kveldsmørket, og har fått ein skyline av høghus som lyste opp der vi suste på seksfeltsveg mot hotellet.

Tel Aviv er storby, med mykje liv. Turistindustrien er stor. Her er strender, surfebrett og strandpromenade. Nesten som syden. Men det er Asia, det er araberverda. Og på forskjellige vis ulikt det europeiske syden vi ellers reiser til.

mde

Vi steig ut i varm sommarkveld frå kjølig buss, nokre kvartal frå gamlebyen Jaffa, og toga inn på hotel Ruth Daniel. Der vi effektivt vart sendt rett på middag. Nye, uvante ting. Enkelte sikra seg mot overraskingar med rundstykke, ris og kylling. Men mange av oss vil seie det går lenge mellom kvar gong vi et så mykje godt, frå ein så innhaldsrik buffet. Etter det var det enno tid til å utforske byen, og ikkje få nådde heilt ned til stranda for eit kveldsbad i mildt middelhav med flomlys.

mde

Dag 2 var til disposisjon i Tel Aviv, men først etter eit møte med palestinaren Sami. Ein mann med stor kunnskap om historie og kultur i det palestinske folket. Og sterke meiningar om korleis dei har lidd under andre. Med glimt i auget sa han med begeistring at han hadde funne sitt eige folk i Norge. Samifolket i nord. Med fellestrekk som urbefolkning hadde han ting å dele med vårt folk. Men mest brann han for å dele ei anna historiefortelling om sitt eige folk, enn den Israel og vesten ofte deler.

Noko å tenkje på der elevane vandra ut i turistlivet i trygg forvissing om eit heimland nokonlunde i trygg balanse.

mde

Enkelte let seg fascinere av det lokale dyrelivet. Andre ikkje.

sdr

Lunsj med over middels god utsikt til Middelhavet frå torget i Jaffa. Frå havna her stakk Jona av, når Gud ga han beskjed om å gå ein heilt annan stad. Det straffa seg, fortel nytestamentet. Før dei vart enige igjen. Holmane kalla Andromeda var opphavet til at den skjerma havna vart etablert. Jaffa vart etablert for heile 5000 år sidan. Det skjedde mykje her nede medan folk på Møre enno gnei pinnar mot kvarandre og såvidt hadde fått til noko som kunne likne hus.

Dagen gav gleder som bading, soling, møte med nye smakar og lukter, sykkelsafari, gjensyn med matte og valutarekning, varme, herleg varme, og også litt varmt regn.

På kvelden fekk vi ein gjest vi kan kalle ei sjølvbevisst ung dame. Med kunnskap frå studiar i Jerusalem kunne ho fortelle om kva livet som jøde i Noreg handlar om, der ho bur. Og om kva dei har opplevd det siste hundreåret. At ungane i den jødiske barnehagen i Oslo ikkje spring like ubekymra på uteplassen sin som før, men har passerande politipatruljer, er ikkje like godt kjent for elevgenerasjonen. Kunnskap mot antisemittisme.

cof

Kunnskapen om jødane si historie stod i sentrum når vi reiste til holocaustminnesenteret Yad Vashem dagen etter. Ein køyretur på ein god time brakte oss til Jerusalem. Mykje sterke inntrykk å ta med seg. Sterke bilete og historier i utstillingane. Sørgeleg å bli minna om at få nordmenn gjorde mykje for å hindre at 500 jødar aldri kom tilbake til Norge frå gasskammera. Minnetreet i den store hagen av tre som er planta til minne om jødane sine hjelparar under krigen, hadde eit skilt med bismak – «til medlemmar av den norske motstandsrørsla». Ikkje til alle, med andre ord.

Kontrastar er forbokstaven på Israelsturen, og frå eit mørke i den lange utstillinga i Yad Vashem, gjekk turen til Herodes klippepalass Masada. Eit ubegripeleg minnesmerke over ufatteleg rikdom, ubegrensa tilgang på arbeidkraft og ein meir eller mindre paranoid byggherre. Palasset er også ei borg. Bygd i det første århundret. På eit utilgjengeleg klippeplatå med Dødehavet på den eine sida, og Negevørkenen på den andre.

cof

Standsmessig utsikt frå Herodes palass på Masada.

Ved neste ladestasjon og wifi kan du følge ferda inn i Negevørkenen, til beduinane.

Verdt å vente på.

 

Ord: Knut Ståle

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.