Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   SANTA FE TRAIL

blog_3302

På eine sida av vegen beitar ein flokk antiloper, på andre sida amerikansk ‘elk’. I det fjerne stikk kvite Rocky Mountain-toppar over horisonten. Vi passerer eit gamalt byskilt, men landsbyen består av flest nedfalne driftsbygningar og våningshus. Fine bilar framfor husa, men forfall pregar både hus og hage. Ein mesa (=tavlefjell) dukkar opp til høgre og avslører å ha vore landemerke for handelsmenn som ferdast på Santa Fe trail på 1800-talet.

Vi er på denne handelsruta mellom St Louis i Missouri til Santa Fe, ein gong i Mexico, men no i New Mexico. Midt på 1800-talet bandt dette vegstykket og El Camino Real i Mexico saman Europa og Amerika. Varer kom med skip frå Europa til New York, vidare via kanalar og Ohio River til St Louis og enda via dei to handels-stiane til slutt i Mexico City.

Santa Fe trail vart opna i 1821 og var sterkt traffikert fram til Santa Fe railroad tok over heile butikken sist på 1800-talet. Godt bevæpna og organiserte karavaner med prærievogner brukte ca 45 dagar frå St Louis til Bents fort i Colorado, og gjerne 25 dagar vidare til Santa Fe. Vi brukte to dagar (med overnatting på motel) frå Santa Fe til Bents fort.

Halve ettermiddagen brukte vi på å leve oss inn i livet på handelsfortet, Old Bents Fort, bygd i 1833 i adobe-stil, sidan det er lite tilgong på tømmer her på prærien. Fortetlligg ved Arkansas-elva som utgjorde grensa mellom USA og Mexico. Her vart bøffel-, bever-, reve-, bjørne-skinn m.fl. bytte mot gevær, feller og anna nymotens varer frå sivilisasjonen dei trengte her i Ville Vesten.

Andre halvparten av ettermiddagen brukte vi på Koshare indianar-museum i La Junta, Colorado. Alt tenkjeleg av indianar-kle, -våpen, -kunst og -kultur var samla i denne truleg største samlinga frå steppeindianarane i sørvest-USA.

Deretter køyrde vi til Colorado Springs der vi har vår siste home base før heimreise i neste veke.

blog_3295

blog_3300

blog_3301

blog_3305

blog_3307

blog_3308

blog_3309

blog_3311

blog_3313

blog_3314

blog_3315

blog_3317

blog_3318

blog_3320

blog_3322

blog_3323

blog_3325

blog_3326

blog_3329

blog_3330

blog_3332

blog_3333

blog_3335

blog_3338

blog_3339

blog_3344

blog_3345

blog_3347

blog_3348

blog_3350

blog_3351