Søk plass
Hjem  |  a Blogger | Uncategorized   |   Rulling i Afrika

Rapport frå Janne og Ida B etter Afrikaturen i vår:

No har me kome heim att til Noreg etter ein heil månad i det kontrastfulle Afrika. Reisa har satt sitt preg i liva våre, noko me har merka i ettertid. Me har opplevd eit kontinent som er så ulik vårt heimland at det er vanskeleg å tru at det eksisterer ein slik verden. Eit enkelt eksempel på ein stor skilnad er trafikken i Afrika.

Noko av det aller fyrste me møtte då me kom til Nairobi var nemleg trafikken. Etter ei lang reise sørover, var me klare for å erobre denne storbyen. Alle fargane, bygningane og luktene var nye for oss. Utanfor flyplassen stod det ein minibuss som skulle frakte oss til Amani-senteret, den nye heimen vår dei neste dagane. Klassen var gira og spent på å starte ei inntrykksfull reise. Bussen starta, og på heile vegen til Amani-senteret sat me med auga klistra ut vindauga. Ein ting som fort tok merksemda vår var dei afrikanske bussane. Bussane i Noreg er ganske keisame i forhold til dei afrikanske. Med alle regnbogars fargar sprita dei opp gatene i Kenya sin hovudstad. LED-lys var heller ikkje eit sjeldan syn inni desse store transportmidla. I tillegg hadde kvar og ein sitt eige namn, som til dømes «The Gunners» og «God’s Mercy» . Dei likna rett og slett på norske russebussar, berre i endå verre tilstand. Trongt var det òg der dei lokale menneska stod tett i tett mellom setene. Det er vanskeleg å forstå korleis dei klarte å puste inni bussane.
Etter kvart då russebussane ikkje lenger var så interessante, byrja me å leggje meir merke til sjølve trafikken. Opptil fleire gonger i løpet av turen hadde nok mange av oss hjartet i halsen. Heldigvis var sjåføren vår veldig flink i forhold til mange av dei andre trafikantane me såg. Sjølve trafikksystemet i Afrika er heilt elendig. Det virka ikkje som om det var noko system i det heile tatt. Vikeplikten eksisterer ikkje, her køyrer ein når det passar seg. Skal ein kome seg der ein vil må ein kaste seg ut i vegen og satse på at dei andre stoppar opp og lagar rom til deg. Stundom var det som om dei lange køane aldri løyste seg. Eit eksempel var eine gongen me skulle ut på restaurant. I staden for å køyre i 15 minutt, vart me ståande fast i heile to og ein halv time. Strutsekjøtbollane og krokodillekjøtet vart fort slukt av 14 svoltne elevar då me kom fram. Dette var nok eit av våre mest nøyaktige møte med uttrykket «African time».

Afrika 3

Mellombels i bussen når me sat i desse lange køane fekk me støtt og stadig besøk i vindauga. Langs dei store motorvegane, trykt mellom alle køyretøya var det dusinvis med seljarar. Dei tilbydde alt frå solbriller til lampar, frukt og vesker. Som regel var dette berre irriterand i og med at dei aldri ga seg. Men ein sjeldan gong kom dei til nytte, og me fekk oss nokre kupp ein gong i blant. Mange stadar me besøkte fekk me beskjed om å lukke igjen vindauga grunna kriminaliteten. Ofte var det litt kjipt sidan me var avhengig av vinden når airconditionen ikkje fungerte. Sjølvsagt ville me ikkje at verdisakane våre skulle verta stelte, så det var berre å dra att vindauga.

Kollektivtransporten fekk me også prøva oss på då me skulle køyre i 12 timar frå Arusha til Dar Es Salaam. Standaren på denne bussen var veldig bra. Avreisa var klokka seks om morgonen, så dei fleste av oss prøvde å få litt søvn i byrjinga. Dette viste seg å vera utruleg utfordrande sidan sjåføren guffa på med afrikansk musikk på sitt beste. Afrikanarar likar nemleg ikkje stillheit, så etter all prøving av å dempe musikken var det ikkje mogleg å skru ned volumet. Ein gong i blant kom det til og med ein 80-tals hit, noko som var litt betre i og med at me faktisk kjente til melodiane. Musikkvideoane fekk me sjå på ein tv som hang i taket, og på slutten av turen viste dei ein Nollywood-film. Jo nærmare me kom Dar Es Salaam og havet, jo fuktigare blei det i lufta. Me sveitta som nokre grisar, og sidan airconditionen ikkje var i bruk hang me med hovuda ut vindauga.

Forbikøyringane var også noko som fekk hjartet til å slå ekstra fort. I ein oppoverbakke tok bussen forbikøyring på tre trailerar i same slengen. Ein annar gong då det kom ein buss i mot oss, tok to bilar forbikøyring på begge bussane samstundes. Det var snakk om millimeter før ein krasj. Utruleg nok gjekk det fint med oss heile tida. Då me landa i Noreg etter nesten fem veker på reise, kunne me puste letta ut i trafikken. Her har me god plass, fine vegar, og rundkøyringar som det faktisk går an å køyre i. Alle vart litt frustrerte på foreldra sine på veg heim frå flyplassen når dei byrja å klaga på kor sakte dei framfor køyrde, eller kor lang kø det var. Skilnadene frå den afrikanske trafikken møtte oss med ein gong me kom heim, det kan trygt seiast.

Til slutt er det utruleg at det har gått så bra som det har gjort. Me fekk ofte høyre før me drog at det var høg risiko å vera i den afrikanske trafikken. Eg trur ingen av oss verkeleg forstod alvoret i dette. Sjølv om me har opplevd skumle og farlige situasjonar, har me alle komen oss trygt og uskadde heimatt. Ein ting som er sikkert og visst, er at me sjeldan kjem til å klage over den norske trafikken. Me er takknemlege for at me er så heldige å faktisk ha eit system, og reglar og lovar som blir følgt opp. Trafikken er det farligaste som finst her i verda, og me føler oss privilegerte som får delta i den på norsk jord.

Afrika 1

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.