Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Plain in Plains

img_5972_web

For alle med interesse for amerikanske presidentar, er Plains, Georgia, ein kjend stad. Her tente Jimmy Carter sine pengar på peanøtter, og idag er han bygdebyen sin heimvende, store son som vert påpassa dag og natt av Security-f0lk. På søndag er han i den lokale Maranatha Baptist Church og held søndagsskule. Denne søndagsskule-læraren er ein nasjonal attraksjon.

Folke kan vente i opptil 4 timar i kø for å kome til under hans kateter. Vi var heldige og slapp rett inn idag, men plenane rundt kyrkja var fullstappa med både turistbussar og privatbilar frå statar over heile USA. Ein delegasjon frå landet som gav helten Nobels Fredspris, var ekstra velkomen.

Vi møtte ein veltalande, smilande, hyggeleg og glad 94-årig søndagskulelærar. Som fortalde om kong Salomo og hans tempel. Eit prosjekt som gav meir ære til Salomo enn til Gud, og som difor ikkje var udelt vellukka. Men Salomo hadde vit til å be Gud om å få visdom i gåve. Og Gud gir alle som bed han, sa ex-presidenten. Slik også med oss. Kvar av oss må bestemme kva slag menneske vi vil vere, og be Gud gi oss det vi treng for å bli det. Den som vil vere tilgjevande, mild, venleg og audmjuk, kan be Gud om å bli eit slikt menneske, og på slike bøner svarer han.

Kort sagt: Ein heilt ‘plain’ bodskap i Plains. Men sidan det ikkje kom frå ein heilt plain mann, gjorde det ekstra sterkt inntrykk. Og då får det også ekstra gode ringverknader.

Tilbodet om å bli fotografert ilag med presidenten måtte vi avslå, for han stilte ikkje opp før etter gudstenesta. Og den timen kunne vi ikkje avsjå til Plains. Vi skulle til Florida.

jimmy_carter_web img_5968_web img_5970_web img_5965_web

img_5976_web