Alle blogginnlegg
Tradisjonen tru. Pilegrimar frå Borgund vandrar pilegrimsleia til Nidaros. I år eit ganske rundt jubileum, faktisk: 20. pilegrimsvandring. Dovrefjell vert lagt bak oss med telt som bustad, og målet er Heilag-Olavs grav i Nidarosdomen der vi feira gudsteneste.
Mange bilete å finne på denne linken.
Enno ei markering dette året: Aldri før har vi vandra her meir enn 1000 moh i 23 graders solskin på denne tida i september. Ein uvanleg haust møtte oss på fjellet, og gav både stemning og glede som ramme for slitne bein og sveitte ryggar.
Under vandrings-etappene var tid sett av kvar dag til stille vandring, med personleg ettertanke over livets utfordringar og våre relasjonar til kvarandre og til Gud.
Og vi hadde det godt undervegs: Marinert laks og kotelettar grilla på bål.
Ei gruppe på vel 70 borgarar slo opp lavvo og telt på Furuhaugli og Grønbakken. Etter å ha slite oss over Vårstigen, tok vi landevegen fatt resten av turen nordover. I Eysteinskyrkja hadde vi pilegrimsbøn. I Trøndelag tok folkehøgskulen Fredly imot oss og ga oss husly siste natta. Og det var katedralsk stemning over gudstenesta vår i kapitelhuset i Nidarosdomen.
Ein tur vel verd slitet, mange venskaps-erfaringar rikare og med eit utal eksotiske opplevingar i bagasjen.
Lesernes kommentarer