Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Paragliding

IMG_3169Første dag i Lima er overstått, og den har gått over all forventning. Det me trudde skulle bli ein liten og kort tur i lufta med kontrollert opplæring, endte opp med høge svev, litt fall og mykje svette og sand. Me lærde fort og allereie på andre svevet måtte me klare oss aleine. Dette førte til nokre fall, helst mageplask, og forsvinningar over åsen. Men moro var det og utsikten var upåklagelig! Fint gjekk det også til slutt for alle (ikkje sant Lars Johan og Cassandra?).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter ein stor suksess i paragliderbakken tok me endelig turen tilbake til bad i stillehavet, ein god dusj og mat. I dag stod pizza frå sjølvaste Pizza Hut på menyen. Restaurantbesøket varte litt lenger enn forventa, da pizzaen ikkje var rekna på fire personar, heller ein. Ekstrabestilling måtte til, opptil fleire gonger.  Me merker litt til jetlaget nå, og det blir ein tidleg kveld for alle. I morgon ventar nok ein dag med paragliding, men denne gangen tandemhopp over  stranda og Lima by.

 Nå seie me god natt! J

Anette og Elisabeth