Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Møt USA-klassa 7: ASKEPOTT

blog_3264i

Sist men ikkje minst skal vi møte erke-verdalingen Elisabeth. Slett ikkje minst, for ingen kjem i nærleiken når det gjeld å rage høgt over bakken. Elles må intervjuet foregå på røykeplassen, «at least 30 feet from door» som det heiter her i landet. Elisabeth (Austmo Guddingstua) nyttar alle ledige stunder der. Og det er ikke e-sigarett det går i.

Kor mange gongar har du prøvd å slutte?
Minst fem, men «æ bli så grinåt av det, så det bli itj».

Oppvaksen på småbruk i Verdalen med sau, gris, kylling og hest. No er ikkje så mykje som katten igjen. Røde Kors er livet for frk Guddingstua. Med ei mor som dagleg leiar i Nord-Trøndelag RK . Far og bror og onkel og mormor i sentrale leiarposisjonar og med sentrale oppgåver i organisasjonen. Snakk om å vere genetisk belasta! RK tek minst to kveldar i veka. Berre så vidt det vert tid til tantabarn og venar. Rekk nesten ikkje karsken ein gong.

Det går direktelinje mellom vidaregåande og yrkeskarrieren for Elisabeth: Frå barne- og ungdomsarbeidarfag, via eitt år privatgymnas for å auke snittet på alle 3.-årsfaga til sosionomutdanning på HiST. Køyreskulen kom i vegen for lekselesing ifjor, så der er litt etterarbeid å gjere.

Det var USA som drog Askepott til Borgund. Ho trengte eit år unna Verdalen for å finne seg sjølv som person og få oppfylt draumen om USA. Då var Ålesund passeleg langt unna til å vere nær nok heime.

Jenta er verdaling på sin hals. Tantebarna betyr alt for henne, og  ho kunne ikkje tenkt seg ein betre plass: Liten, men kort veg til folk i byen (Øra), mykje fjell, sjølv om ho ikkje går på andre enn dit ho vert skyssa i scooter. (Ho er verdens lataste, etter eige utsegn). Så eitt år på folkehøgskule, og 4 år i Trondheim, medrekna eit semester i USA, er det maksimale ho kan tenkje seg unna Dalen. Og ho er definitiv på at der er behovet for sosionomar umetteleg.

Har USA-turen svart til forventningane?
Dumt det var så mange sjuke at CSI-besøket måtte gå ut. Elles var høgdepunkta Las Vegas og hestane og stemninga og rideturen i ørkenen ved Superstitious Mountain. Lavpunktet var alle air condition-anlegga det ikkje gjekk an å få slått av! Dessutan at bilen hennar heime brann med ho var borte. No må ho til med smiskerunde til pappa og mormor og resten av familien for å finansiere ein  ny. Det er vel dette ein kallar ein ‘close’ familie.

Imorgon er det heimtur, og Elisabeth gledar seg. USA er bra, men for dei heimekjære er 3 veker lenge nok. Verdalen, senga, tantebarna, venane og familien elles lokkar. «Mamma, I wanna go home, sjøl om eg har teke tatovering!»

blog_3247

blog_3383