Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Møt USA-klassa 5: Glade jenter frå Glomma

blog_3165

At Sørumsand ligg ved Glomma, visste vi. Men at dei har Stomperud-statue, var nytt for oss. At Fetsund er eit mygghøl, fekk vi også vite idag. Kjelde: To lokalkjende veninner, Therese og Margrete.

Dei to har halde ihop sidan MSN førte dei saman på Sørumsand vgs. Margrete (Hildrum Granli) og Therese (Marsøe) held stadig ihop som roomies på internatet på Borg.

Når ein har vakse opp mellom jernbanelinja og Glomma, blir ein avhengig av begge deler. Og begge reknar som sikkert med at dei nok flyttar heim dit dei kjem frå når dei har fått studert ferdig og sett litt meir av verda.

Therese har bak seg fleire karrierer: teater, kulturskolekor, hest og dans. For Margrete har det gått mykje i fotball og turning til no. Therese er elles ein bokslukar. Ho les alltid, dvs. sjangeren Young Adult og fantasy. Margrete les berre på sandstrand i Syden.

Therese har også karriereplanen klar: Ho skal bli førskolelærar. For Margrete er valet vanskelegare. Men viss ho ikkje skal tenkje på studiekompetanse og poeng, ville ho blitt ingeniør eller arkitekt. Jentene vel heilt klart Oslo (eller Kjeller) som studiestad. Billegare studietid når ein kan bo heime!

Kva dei har sett mest fram til med USA-turen?

For Therese var daglege donøtter (donuts) heilt klart prioritert. Elles var Alcatraz, Phoenix og Santa Fe høgdepunkt.

For Margrete er det viktigast å få oppleve USA anneleis enn som familietur. Spesielt rangerer politistasjonsbesøket og basketballkampen høgt.

blog_2594i

blog_2456i