Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Møt USA-klassa 3: Vestlandsbanden

blog_2955

To landsmenn har funne tonen i USA-klassa, ein frå landsbygda ved Bergen, ein frå landsbygda ved Stavanger. Rino Oliver har adresse Os, Daniel er frå eit byggefelt på Stokka.

Begge får stryk når dei vert spurt om matte-formlar, men Daniel scorar høgt i historie og Rino i geografi og engelsk. Begge har også fått 2-årskontrakt med Borg, skal halde fram som stips neste skoleår.

Rino har hatt det travelt med å få sjå andre stader enn Os og Bergen. Ålesund er berre eit steg på vegen. Han la inn søkjeorda ‘reise’ og ‘USA’ på folkehøgskule-sida, og enda på Borg. Han har allereie sikra seg fagbrev i logistikk med to års teneste i posten.

Daniel ønskte seg nordover og har funne ut at sunnmøringar er greie folk. Han blir 21 litt for seint til å gjere karriere ved speleborda i Las Vegas, men har ein plan: Skal investere i pokersett som trøyst og for å imponere pokerspelande storebrør som er misunnelege på USA-turen hans og det innlagde LV-besøket.

Kva dei ser mest fram til med USA-turen?

Daniel leitar etter å forstå amerikansk tenkjemåte, ikkje berre media-bileta. USA har fått eit urettferdig negativt mediabilete. Amerikanarar er betre enn sitt rykte, meiner han.

Rino vil oppleve noko spennande. Han har også mange inntrykk frå media-USA, men allereie no kjenner han seg heime her. Berre trivelege folk. Bergens-guten har som mål om å kome tilbake til Statane og kunne leve ‘the American dream’.

Kva som skal bli toppunktet på turen?

For Rino bylivet i Las Vegas, byen som aldri søv. Men CSI-besøket i Phoenix står også på lista, og å cruise gjennom ørkenen i minibuss.

For Daniel fallskjermhoppet i Phoenix. Han vart imponert over San Francisco, byen med berre oppoverbakkar. Og å treffe studentane ved University of Nevada Las Vegas.

blog_2957