Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Med Mrs. Slim on the Rim

blog_2593Ho kan alt om geologien, fossilane og livet i Grand Canyon. Etter 20 år som guide og 45 år som haikar og forskar. Og enno er berre 5 % av Grand Canyon utforska. Idag tok ho oss med på ei opplevingsvandring langs kanten av stupet.

Fleire indianarstammer reknar området som sitt og held det for heilagt, og somme av dei bur enno nedi ‘the canyon’.

GC krev kvart år sine offer. Mange dødsfall, og flest av dei er bevisste forsøk på sjølvmord. Men folk døyr også av å undervurdere sine evner til å klatre opp att, særleg på varme sommardagar. Elles er ikkje bit av klapparslangar dei farlegaste, men ekorna.

Geologien er nok det mest spennande her. Canyon-veggane er som ei geologisk historiebok som fortel nesten heile jorda si historie. Fru Slim kjem stadig i heftige debattar med kreasjonistar som ikkje vil vere med på at jorda er mange milliardar år, men held skråsikkert på at det dreiar seg om 6000. Her har ho både humor og både visuelle og steinharde argument for si sak. Steinar er elles etter hennar meining interessante berre når dei inneheld fossilar.

blog_2576 blog_2581 blog_2585 blog_2586 blog_2590 blog_2595 blog_2596 blog_2608 blog_2611