Alle blogginnlegg
Første dag i La Paz blei ein innholdsrik dag. Vi fekk ein god frukost på Casa Alianza, som er Misjonsalliansen sitt gjestehus her i La Plaz.
Nokre av reisefølget starta dagen på legekontoret, kor det blei avdekt matforgifting for fleire. Dei kom tilbake med medesin, og god tru på betre dagar!
Først kom lederen for Hiv/Aidsarbeidet til organisasjonen og informerte om arbeidet som blir gjort for dei hiv/aidssjuke i byen. Etter fekk vi eit sterkt møte med ei aidssjuk firebarnsmor. Ho fortalte om livet sitt, og det å vere aidssjuk her i La Paz. Ei gripande forteljing.
Etter ein god lunsj på Sviss Oberland var det tid for tur på firhjulinger i byen og i Månedalen. Vi kjørte rundt i Månedalen og var på fleire fine utsiktspunkt over byen. Vi kan berolige alle, det gjekk fint både på smale grusveier og i trafikken.
Etter ein god dusj, for å få av seg alt støvet. Drog vi tilbake til sentrum for middag. No er det kveld, og det skal bli godt med ei god natt søvn.
I morgon skal vi besøke arbeidet til Misjonsalliansen på El Alto.