Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Korrupsjon fungerer

blog_2535Her i landet heiter det tips. Heime kallast det korrupsjon. 10 dollar i handa på serveringsdama, så får du god service på restauranten. 5 dollar i handa på room-service så får du ekstra god oppfølgjing av motel-romet. 10 dollar i handa på sjåføren så strekkjer han seg akkurat det lille ekstra.

Lønssystemet her er bygd opp på at arbeidstakarar skal få inntektene sine på denne måten. Utan innsyn frå skattefuten. Fullt lovleg, og svært uhøfleg å bryte med.

Men kvar går grensa mellom småskala og storskala korrupsjon?  Ein eller annan stad på den skalaen vert det straffbart. Ikkje veit vi kvar. Men vi er no berre lærlingar i dette gamet.

blog_2520