Maccabi Haifa – Beitar Jerusalem 1-2

I år har vi reist i to flygrupper. Nokre kom seinare fram første kvelden, men fekk i staden vere nokre timar lenger på slutten. Då tilbodet om fotballbillettar til måndagskvelden kom, åpna det for eit spennande val: Sove 2 timar i seng og sjå fotballkamp i Haifa samt 4 timar i buss, eller sove 6-7 timar i seng. Enkelt val. 44 av 58 gjekk for 2 timar søvn og fotball. Maccabi Haifa har i sin identitet at det skal vere eit lag for alle israelerar – og vi har vorte trufaste tilhengarar. Rusta med nye skjerf og kampglød prøvde vi å gi lyd i vårt hjørne av Sami Offer stadion. Vi la inn alt vi hadde for laget vårt og det gjekk rett så godt i starten: Haifa skåra 1-0 i første omgang. Så ut av ingenting fekk ein stor bøvel frå Jerusalem kriga inn utlikning på ein susar av eit frispark. Rett etter vart finspelet til Haifa uroa av ei kontring – neste Jerusalembøvel sette inn 1-2 målet. Sjølv om vi ropte straffe på alle brot same kor på bana dei hende, vart vi ikkje høyrt. Det tekniske Haifa med sentringsspel prega av nederlandsk trenar, tapte for krigarane frå Jerusalem. Godt dei gule vann forresten, då vi grønkledde hamna inni ein horde av dei gule i god stemning ute på plassen etter kampen.

Heimreise

God stemning i bussen på tilbaketuren etter kampen likevel. Ikkje noko tungt mellom oss og alle fekk sove. To timar i seng og vi var oppe igjen. Litt etter kl 4 var bagasjen i bussen og heimreisa starta. Vi var innom Istanbul, men kan ikkje skryte på oss at vi har sett Istanbul. Som bileta viser.

Her dukka jammen Alesund opp over horisonten. Snart der.

 

 

Epilog epilog

I skrivande stund har dei fleste reist med første fly til Vigra, nokre tek helg i Oslo og ni av oss skal feire at vi er dei aller siste på denne studiereisa med kveldsmat på Peppes om nokre minutt. Då lovar vi å ta eit bilete som vi limer inn her:

😉

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.