Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   «IF YOU’R GOING TO SAN FRANCISCO….»

blog_2325

 

Slageren er nesten for gamal for vår elevgenerasjon, men går visst likevel. Så idag, på toppen av Bernal Hights, med utsikt over heile byen, i vakraste sommarver poserte vi. Vi «…remembered to put some flowers in our hair.»

No er det langt mellom ekte hippies her i byen. Dei fleste er no i 60-årsalderen og går rundt som litt avdanka flower power-representantar. Og somme i USA-klasse-delegasjonen passar dermed betre inn i kategorien enn andre.

Men ungdomen finn seg godt til rette i hippiebyen. Imorgon legg vi difor iveg til Hight and Ashbury, gatekrysset der dei fyrste hippiane sette seg ned og spela gitar og røykte hasj i 60-åra. Stemninhsrapport følgjer.

blog_2320

 

blog_2340

 

blog_2341