Alle blogginnlegg
Alt har ein ende. No også denne utvida USA-turen (nesten ei veke lenger enn tidlegare). Frå kuldegradene og brøytekantane i Minnesota ber det heim til vårsola.
Ingen uhell eller ulukker å snakke om. Ikkje mykje heimlengt heller – før no. Vi har opplevd Amerika frå mange sider, på mange stader, i mange temperaturar, til vanns og til lands og på tog og i lufta med. Vi kjenner betre til både storbyar og austkysten, Florida og midtvesten.
Men det vert til slutt nok av smultringar (donøtter) og hamburgers. Både maten i matsalen på Borg og grytene hennar mor framstår plutseleg i fornya glans. No må vi ha grovbrød med brunost, elles …..
Så heldigvis, no skal straks Delta og United, SAS, Norwegian og Widerø frakte oss dit vi eigentleg høyrer heime. Og
i neste veke er det inn att i tralten på internatet og peisestova, auditoriet, vaskekjellaren, gymmen og klasseroma på gamle, gode Borgund. We wanna go home!