Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Home, cold and wet home

IMG_1711

Så landa vi i fedrelandet. Igår. Overgangen var 2o C-grader ned og til ei vérmelding (på Sunnmøre) som hadde sol, regn og snø kvar dag resten av veka.

Men vi står ‘an av, som dei seier nordaførr. Og vi er både rikare og fattigare, brunare og raudare, gladare og tristare enn før. Sjølv om vi er blakk, er vi full-lagra av gode minner, rike erfaringar og verneverdige opplevingar. Sjølv om vi er blitt solsvidd både på nakken og på ryggen, har vi også samla litt brunfarge. Sjølv om det var hardt å forlate både våre amerikanske kompanjongar og landet og folket vi var blitt glade i, var det kjekt å ‘koma heim åt ho mor’, til brunost og norske kjøtkaker.

Vegane skildest i Amsterdam. Derifrå flyg KLM til mange norske byar, så trønder-, møring-, hordalands-, rogalands- og austlands-kontingenten drog derifrå kvar til sitt. No har vi tre dagar på å bli akklimatisert til norsk kost og norsk klima, kome i norsk døgnrytme og få vaska skitnekleda. Så er det på ‘an igjen måndags morgon.

IMG_1712IMG_1717 IMG_1718