Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Grand Ole Opry

20160405_184225_web

Det går frå den eine music-happening til den andre for Borg USA. Ikkje før har vi vinka farvel til Beal street og blues-musikken og til Elvis og Graceland, så er det konsert i Grand Ole Opry i Nashville. Vi har to Nashville-kveldar på programmet. Idag den mest tradsjonsrike av dei alle.

90 år er gått sidan fyrste opptreden på Gran Ole Opry-scena. Etter den tid har huset flytta frå Nashville sentrum til ein gigant-hall uti drabantby-områda. Stadig fyllest kjempehallen fire kveldar i veka med folk som vil sjå og høyre dette som eigentleg er ein radio-konsert.

Det går i country og gospel i eit par timar. Innimellom lurer ein på om ein er i ei sørstats-baptistkyrkje eller på konsert. For artistane syng om ‘how much I love Jesus’ og om ‘my wife, my family and my God’, som om dei var predikantar. Elles handlar det om ‘lonely cowboys’, (ofte) mislukka kjærleik og ‘real country life’. Og dette er genuint og folkeleg og med stor appell.

Kan ikkje underslå at jentene frå Noreg skreik i takt med dei mest høgrøysta, som i gode, gamle Beatles-dagar. Over country-klassikarar og nye songar, underhaldande aktørar og gospelsvisker i god blanding.

20160405_193830_web 20160405_195043_web 20160405_205818_web 20160405_211009_web

img_5633_web