Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Golden State Warriors

blog_0593Sport i Amerika er ingen leik. Skal ein døme etter namna på fotball-, basketball- og ishockey-laga er det meir snakk om krig enn fred. Det passa altså heilt inn at vi idag var på basketballkamp med «Warriors». Og sjølvsagt vann dei over the «Bucks» frå Milwakee.

Stor stemning i fullsett stadion med 20.000 deltakarar. Og så flinke som arrangørar er i dette landet til å bygge opp stemning, stod den i taket etter kort tid.

Elles er sport den største folkereligionen her til lands. Det fins korkje kyrkje, synagogar eller moskear som samlar meir folk. Men sport og sport, fru Blom. Ein baskeball-event er 50% entertainment, 50% reklame, 50% mat, 50% kle og litt sport på kjøpet.

Men ingen sure mine på rad 12, 13 og 14 i seksjon 229 på Oracle stadium i Oakland idag. Vi var heilt og fullt med på leiken. Og så var det som sild i tønne på Bart-toget heim att i 11-tida. God natt.

blog_0581