Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   GEORGIA ON MY MIND

Endeleg syden for USA-klassa. Til Amerikas savanne, nemleg Savannah, Georgia. Til 25 grader, opp frå 5 igår. Her vekslar programmet mellom lazer tag, roller skates, arcade games og stilig gamleby frå kolonitida tidleg på 1700- talet.

Hello Sunshine

Vi bur med utsikt over elva der svære container-skip passerer på veg ut til Atlanteren, omlag 3 mil lenger ute. Eit imponerande syn når skipa ragar høgare enn husa ved elva og det er så smalt at det ikkje er passasje for to båtar.

Idag, laurdag, blir det vandring i gamlebyen, setje oss på benken til Forest Gump, sjå kyrkjetårnet der fjøra han betrakta segla ned ifrå, oppsøke huset der ‘Midnight in the garden of Good and Evil’ vart filma. Og gjere oss klar til ‘Ghost and graveyard’-turen ikveld.
1-IMG_7346

1-IMG_7337

1-IMG_7334