Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Fridag i Arusha

Etter ei heilt fantastisk natt på hotellet i Arusha, var det på tide å utnytte vår fyrste fridag. Då frukosten var eten opp, var me på veg ut for å sjekka ut byen. Dette var ein interessant by. Det føltes ut som det var ei lang hovudgate, der alle butikkane låg. Me gjekk ikkje ein meter utan at det var ein seljar på oss som absoutt skulle få selt noko til oss. Utvalget deira var litt diverse ting, men ingenting som var interessant for oss. Uansett kor mange gongar me prøvde å avvisa dei, tok dei aldri hintet. Men det var no koseleg med litt selskap!
Det fyrste me gjorde var å reise på Nakumatt, favorittbutikken vår i Afrika. Her fekk me kjøpt alt me trong til safari og meir. Sidan safarireisa starta i morgon, stoppa me innom ein del safaributikkar for å sikre oss safarihattar og andre naudsynte ting. Såkalte afrikabukser har vore eit must for dei fleste. Etter nesten to veker uten basseng var dei fleste gira på å finna ein plass me kunne slappa av på, og lada opp batteriane til resten av turen. Me fann eit hotel, og fiksa taxi opp der. Taxien var vel kanskje litt feil ord, me kalte transportmiddelet for jallatralla! Jallatralla litt av eit eventyr, men me kom oss til hotellet på null komma niks. Gleda var stor då me fann ut at me kunne ete buffet for ein billig penge i tillegg. Maten var utruleg god, og sjokoladekaka smakte til og med sjokoladekake! Dei resterande timane før sola gjekk ned blei brukt til å bade og slappe av på solsenga. Dette trong me.

Så var det tilbake til hotellet. Her åt me kveldsmat før me hadde vårt daglege møte der me spør Ato altfor mange spørsmål. Men, no er me meget klare og gira for SAFARI i morgon!!