Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Fotballturnering

Då var dagen for fotballtruneringa komen, og me var klare for å visa fram vår atletiske side på turen. Me kom fram til landsbygda til Peter, Githogoro, i ti-tida. Varmen slo oss, og me hadde med oss trelitersdunkar med vatn som me var klare til å sluke i oss. På området var det fleire hundre ungdommar og born, og gleda var stor då me kom. Etter ei lita stund fant me ein stad me kunne leggja frå oss sekkane våre, og me danna ein ring rundt med stolar for å beskytte dei. Dagen var lang, og det var ein del ventetid mellom kampane. Ventetida brukte me på å leika med dei utallige ungane som var der, på å kome i kontakt og snakke med voluntørane, og vokte borgen med tinga våre i. Til saman spelte me tre fotballkampar og to volleyballkampar. Det gjekk ikkje heilt vår veg, men me hadde det veldig kjekt med å bli kjent med afrikanarane på ein anna måte.  Midt på dagen var me så heldige å få tilgang til eit basseng i ein privat skule like ved. Vatnet var kjølig, og det var godt å få ein liten pause. Putseleg kom det eit helikopter som landa på plenen inne på skuleområdet. Rektoren kom ut, og etterpå flaug helikopteret vekk igjen. Dette syntest me var litt random men også kult. Kontrastane kom altså òg fram i dag. Etter badinga gjekk me tilbake til banen, der me spelte dei siste kampane våre. Denne dagen blei me kjent med mange mennesker. Dei var utruleg koselege, pratsome og inkluderande.

11062977_775010345916290_1512609569_n         11069184_775010352582956_1657342588_n        11072643_775011689249489_400683246_n