I 7 år har familiar og studentar teke imot og opna gjesteroma sine for Borg-elevar. Ikkje mindre var gjestfridomen i år. Fem familiar adopterte borgarar i to netter. Det vart familiekos og utveksling av historier og mail-adresser til langt på natt.
Idag var alle på besøk over grensa til Wisconsin. Gamlebyen var vel verd eit besøk. Men somme syntes shopping-senteret var det enno meir.
Undervegs i programmet har vi også utveksla erfaringar og drøfta planar for korleis utvekslinga av klasser og elevar mellom oss og Winona State University best kan sjå ut i framtida. Vi har til no teke imot fem praksis-studentar på Borg. Og over ein stabel pizza fekk vi høyre korleis norske studentar kan få både studieplass og
stipend over here.