Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Eracism

img_5567_web

4. april 1968 stod Martin Luther King jr på balkongen til Lorraine motel i Memphis, Tennessee. Frå ei bygning skrått over gata vart han skoten til døde. Idag, 4. april 2016, 48 år etterpå, stod vi der. Medan borgarrettsleiararar og sympatisørar feira minnedagen for denne særeigne leiaren og martyren.

Korleis ville verda sett ut om vi hadde gjort dette: ERase raCISM = Eracism. Med eit typisk amerikansk ordspel, har dei fått fram eit viktig poeng: Lat oss viske ut rasismen!

Utstillinga i det imponerande National Civil Rights Museum her i Memphis skildra med bilete, statuer, gjenstandar, song og film den både tragiske men også suksessrike historia til borgarrettskampen. I 1607 kom dei fyrste pilegrimane til Nord-Amerika. Og i 1619 kom dei fyrste slavane. Det kom etter kvart 4 millionar av dei.

Igår var vi innom Abraham Lincoln, som på 1800-talet symboliserer kampen mot slaveriet. Rosa Parks, symbolet på kampen mot rasedelte bussar, står som sterkt symbol på mot og handlekraft. Harriet Tubman hjelpte hundrevis av fangar ut i fridom. Martin Luther Kings verdsberømte tale i Washington, «I have a dream», runga igjen og igjen mellom veggane. Og mange fleire, kjende og ukjende, var med i historia.

Om eit par dagar reiser vi til Selma, Alabama, sentrum for eit av dei verkeleg harde basketaka i denne kampen.

Det var liksom historisk sus over denne dagen i Memphis. Då forsamlinga vart merksam på flokken av kvite studentar, ropte dei og spurte kven vi var, og straks runga det like sterkt «Norwegians, Norwegians». Det var tydeleg stas å ha oss med. Og nokre heldige fekk handhelse på ein av symbolfigurane frå borgarrettskampen, Jessie Jackson.

Både dei og vi trur at det er muleg: «We shall overcome.»

img_5568_web img_5569_web img_5570_web img_5574_web img_5575_web img_5576_web img_5577_web img_5578_web img_5579_web img_5580_web img_5581_web img_5582_web img_5583_web