Heldige alle som har gått på Møre ungdomsskule den tid den låg i Nørvasundet, eller på Borgund folkehøgskole etter at den flytta til Hatleholden – og i framtida blir dei som har gått på Ålesund folkehøgskole like heldige. Kvifor? Jau, når det har gått 5, 10, 20, 30, 40, 50 og 60 år etter det året du gjekk ut får du intivasjon til elevstemne! Desse stemnedagane er eit sterkt prov på at eit folkehøgskoleår varer heile livet – når du gir det ein sjanse til det. Velkomen til neste års elevstemne – lagt til Kristi himmelfartsdag 30. mai 2019. Og medan du gler deg til dette kan du få sjå vakre bilete frå elevstemnet som var første helga i juni i år. Fotograf var Aida – som ikkje berre driv fotostudio, men skal ta seg av Sør-Amerika Xplore-linja neste år. Kor lenge det er sidan desse gjekk folkehøgskule utleverer vi ikkje. 😉 God sommar!

 

 

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.