Elevstemnet 2017 gjekk av stabelen Kristi himmelfartsdag, 25. mai. Vi fekk nok ein gong dokumentasjon på at elevar som har gått på gamle Møre ute i Nørvasundet og på Borg – etter 1971 – alle desse held seg godt! Sjå berre nedanfor. Elevstemnet handlar om å finne tilbake til alt fellesskap som vart skapt for 5, 10, 20, 30, 40, 50 og 60 år sidan. Eit godt folkehøgskuleår varer livet ut.

Er det din tur neste år? Elevstemnet 2018 er fastsett til første helga i juni. Datoane er 1.-3. juni. Sannsynleg inviterer vi 5 årsjubilantane til eiga samling fredagskvelden, 1. juni, viktigaste dagen for alle er laurdag 2. juni, søndagen skal vi seie noko om når invitasjonen kjem. Invitasjon til dette går ut kring juletider.

        

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *