Søk plass
Hjem  |  Uncategorized   |   Ei pilgrimsreise

Mandag morgon sist veke stod vi i flokk og følge, 90 stk,  klare til å fylle opp 4 bussar av ymse storleik, med stillongs, sovepose og tallerkenboks i sekken. Mellom anna. Og ikkje minst, for mange, med ei viss spenning over kva dette pilgrimskonseptet skulle bli, og kor kaldt det kunne bli å sove ute. Under ein lysande blå himmel og mild haustluft rulla pilgrimane gjennom dieseletappa til Dombås, for ein stopp på coop og do, før siste bakken opp til Fokstugu. Der starta vandringa. Under Blåhøin vandra vi i snilt kupert terreng dei første 8 kilometrane, på omlag 1000 meters høgd. Enno med ein strålande blå himmel.

DSCN4899              DSCN4907

Etter kort tid hevar Pilgrimsgeneral Ottar vandrarstaven for å informere og varme opp vandrarane, og alle får si første lekse: Ei stille vandring, utan ord, men med tankane samla omkring kven vi er – for våre med menneske, for oss sjølve,og for Gud. Berre fjellsko mot fin grus lagar lyd den neste halvtimen, fram til rasteplassen vår.

Med utsikt mot sjølvaste Snøhetta (2286) kan vi på lærartua konstatere at snødrevet frå fjorårsturen er eit bleikt minne, mot årets vandring i shorts og småsko. Temperaturen er opp mot 19-20 grader, varmare enn i manns minne for alle åra med denne turen. Eit fantastisk ver, ei velsigning! Den kalde natta som kjem er folk herleg uvitande om, og berre storslagen natur, tid til djupare tankar og godt selskap fyller hjernebarken. Inspektør Klokk gjer heilt rett i å myse mot sola og oppsummere i år som i fjor, og åra før, at «Dåkke- Ditta kjem oss til å sakne».

Etter dei første 8 kilometrane er vi på Furuhaugli, der det vert rigga lavvoar på rekke og rad til vandrarhordene, og 20 stormkjøkken fresar seg opp til middag. Laks frå grillgrua går unna. Med varierande hell i effektivitet kjem folk frå sine pastagryter rundt om for å sanke inn hovudretten frå utekjøkkenet.

DSCN4938            DSCN4933             DSCN4947

Furuhaugli er sivilisert, ein campingplass rett og slett, og på eit luksusnivå dei tidlige pilgrimane knapt kunne drømme om. Som Siri i New Zealandklassen sa med eit litt strengt blikk- «Knut Ståle- dette er ikkje friluftsliv». Arrestert av sine eigne. Eit definisjonsspørsmål, dette med luksus. «Alt som er meir enn vi treng», har Ottar sagt. Varme innedo og dusj, resepsjon med is til halv pris og koseleg kafe med vafler, rømme og kaffi, ga vel Siri litt rett. Vandrarar over ein viss alder kunne avslutte kvelden med pipe etter kaffien, i audmjuk respekt for dei før oss som kom hit lenge før sanitærbygg vart eit ord i språket.

Så fekk pipa ein annan låt, etter som Dovrefjell viste folket at det eigentleg nesten er vinter. Natta er hard mot tynne soveposar, og mot dei som ikkje visste kor tynn sovepose dei hadde. Så nokre fraus. Men mange friske ungdommar hadde tusla opp på kanten ovanfor Furuhaugli og la seg ute under ein glitrande stjernehimmel, og hadde det meir enn godt med det. Kanskje kan den ufattelege stjernesamlinga sende tankane opp i ein høgare dimensjon, slik målet er for ein pilgrim.

Dag 2 lyste opp med tynt rim på alle som sov ute, og tidlege solstrålar gjennom morgondis over lavvoane. Smått om senn med varm damp frå kokekar, og folk kom tuslande ned frå villcampen med soveposen over arma. Somme smalare i augene enn andre. I moderat tempo seig ein urutinert vandrarbøling gjennom morgonrutinane til ein forsinka bussavgang mot Holsætre, 5 minutt bort på E6.

Denne dagen vandra vi i to etappar- først via Hagesæter til Eysteinkyrkja på Hjerkinn, der vi heldt pilgrimsgudsteneste med song, bøn og tekstlesing. Og tok ein kvil i kyrkjegraset. Deretter på Den gamle kongeveg over Hjerkinnshøe til turens høgaste punkt på 1200 moh, og ned til Grønbakken, der Dovrefjellsplatået endar og E6 går ned i Drivdalen.

Også denne dagen gjekk pilgrimane offline i stille vandring ein liten halvtime, og ny lekse vart delt ut på små lappar. Kva og kven har du ansvar for? På ein gjengrodd setervang fekk folk ta orda i bruk igjen, og augene, for å lese på pilgrimsskilta som var sett opp at her hadde pilgrimar overnatta i kanskje 900 år, i sælehuset på vesle- Hjerkinn. Berre nokre steinar frå gamle murar minner om ein nesten ubegripeleg lang tradisjon. I nyare tid har golvflata til sælehuset blitt rekonstruert, og der vart tirsdagens lunsj innteke.

Ved Eysteinkyrkja frista nok sola og den fine grasbakken meir enn å sitte inne. Betongkyrkja frå 1969 byr på lite estetisk romantikk slik sett, men har eit lite sus av middelalder innvendig. Den er kalla opp etter kong Øystein Magnusson (1088-1123), som sørga for å få bygd sælehus for pilgrimar i si regjeringstid. Skriftlege kjelder fortel om kyrkje her i middelalderen, og på den staselege inngangsportalen til naboen Hjerkinn fjellstue står ein reklametekst fri for innblanding frå noko kommunikasjonsbyrå – «overnattingssted i 1200 år».

DSCN4998    DSCN4999     DSCN5004

Ved kyrkja vart følget vårt utvida med ein ekstra minibuss, og det vanka raust med klemmar når Rbf elevane si gjensynsglede slapp laus. Dermed vart dei innlemma i pilgrimstoget, til glede for dei og oss.

Enno i god tid før sola rann kom vi til Grønbakken, og pilgrimslivet vart litt meir realistisk. Sjølv om det var vanskeleg å unngå å høyre vogntoga på E6 500 meter lenger nede, var vi definitivt utan sanitærbygg, og nok eit måltid kokt på raudsprit og grilla på bål var under oppsegling. På andre sida av vegen startar kjerneområdet for moskusen på Dovre, men folk flest var meir enn fornøgde med kotelettar til middag. Synkroniseringa mellom kokelaga sine kjøkken og grillavdelinga gjekk betre, og mange kunne nyte eit komplett varmt måltid med kjøt og tilbehør i same porsjon. Nokre tok eit bad. Mest sannsynleg berre ville elevar frå Friluft NewZealand. Tradisjonen tru kom folk i skjul til underteikna bussjåfør og spurte om å få sove i bussen, uten hell. Ein kald buss er mindre triveleg enn ei stjerneklar, kald natt under open himmel, trass alt. Somme gledde seg til ei ny natt under stjernene, andre ikkje. Lys frå fleire bål lyste opp når sola gjekk ned, nye bekjentskap med folk frå heilt andre klasser vart dyrka, og praten gjekk til det kom røyk frå gummisålane nærmast båla. På tide å skifte stilling. Tungtrafikken varer ikkje evig, og under ein høg himmel gjekk leiren til ro, i dun og kunststoff mot nattefrosten. Peter frå Kenya avanserte fire trinn i integrering i det han lånte bort sin ekstra sovepose til ein kald, ikkje navngitt pedagog. «You take it. I don’t need it».

DSCN5012  DSCN5014

DSCN5021  DSCN5035

Onsdags morgon vakna folk med eit litt tjukkare rimlag på sovepose og teltduk, og kanskje varma tanken om at dei skulle sove inne neste natt. Med sola vart frosten til dråpar, og ditto våte lavvoar som ikkje er spesielt medgjerlege når dei skal pakkast ned. Folk og bagasje braut opp, alt kom på plass i bussane og pilgrimane var  klare for avmarsj frå E6 i retning Vårstigen i Drivdalen. Morgonetappen gjekk til Kongsvold fjellstue, og igjen var Dovrefjell og Snøhetta bada i sol. Shorts for tredje dag på rad for mange.

DSCN5044        DSCN5047

 

DSCN5042

Frå Kongsvold bussa vi til vår faste rasteplass i Drivdalen, der Vårstigen stig opp til Tingsvaet på 1000 moh. Nytt brød og ferskt pålegg vart godt teke imot, og varme av sol og mette på mat låg siste etappe klar som ein parademarsj. Vårstigen var i hine harde dagar ei flomsikker rute, etablert for å unngå at årvisse vårflaumar tok vegen nede i dalen. Og der oppe kunne dei med godt syn sjå moskusen beite i Nystugudalen på andre sida av Drivdalen. Eit visst fråfall av elevar som hadde vore mindre heldige helsemessig sette ingen større dempar på dei friske, og etter rundt 35 kilometer vandring var vi i mål med fjellvandringa på vår relativt korte rute.

Enkelte hadde nok vandra lenge nok til å kjenne at det gjorde godt å gå. At å vandre mot eit mål med forventning, dag etter dag, kanskje i titalls mil, kunne vore noko å trakte etter. Hashtag offline.

DSCN5055  DSCN5057  DSCN5053

 

Bussetappa mot Oppdal gjekk skrekkslagent fort, i forhold til dei 3-4 kilometrane ein pilgrim bevegar seg i timen. Og Oppdal kunne by på både coop og kiwi og kaffibar, utan verken rødsprit, oppvask eller røyklukt. Kvar etappe på vår reise har sine gleder, og kontrastar. Reisa frå Oppdal til Fredly folkehøgskule i Børsa kan enklast oppsummerast med ordet soving, for pilgrimane sin del. Forståeleg.

På Fredly sto ei stor bålpanne klar, og gjespande elevar kunne snart lesse på med slageren pølse med brød. Dusj og madrass var kjærkomment, antakeleg like kjærkomment som tak over hovudet og ei varm bålgrue på vesle-Hjerkinn i middelalderen. På oppfordring kunne fleire pilgrimar fortelle om gode opplevingar, og nokre dårlege, under kveldssamlinga med ris og ros. Fleire gjorde seg tankar om det å vandre i stille refleksjon. Å gå i eit stille tog med 90 medmenneske på fjellet vart tydelegvis eit minne for mange, og ei takknemleg øving.

Siste dag, torsdagen, køyrde vi til Sverresborg ovanfor Trondheim, og gjekk dei siste kilometrane i urbant miljø. Mellom stakittgjerde og epletre vandra toget ned åsen, og hadde det ikkje vore for tjukk tåke, ville vi sett Nidarosdomen. Den dukka fram frå tåka til sist, nesten trolsk, som ei borg frå ei heilt anna tid. Klokkene i tårnet ringte eine og åleine for pilgrimane frå Borg, og etter ein kort stopp ved Olavskjelda og den nødvendige runden rundt domen, fylte vi Kapittelhuset i Nidarosdomen til siste ståplass. Inkludert tidlegare elevar som årvisst kjem for å treffe gamle kjente.

Med bibeltekstar, song og Ottar si preike om den barmhjertige samaritan enda pilgrimsreisa vår der. Mange opplevingar og erfaringar rikare for ein stor del av elevflokken. Vi er takknemlige både for det usedvanleg gode veret, og for god vandrarånd og og godt selskap undervegs. Kanskje vart nokre freista til ei lenger vandring, eller til å bruke naturen til å få kvalitetstid med seg sjølv. Offline. Det kunne Olav den Heilage sikkert likt.

DSCN5066  DSCN5067  DSCN5073  DSCN5074  DSCN5082  DSCN5087

Etter god mat i Trondhjems by var det oppstilling av 5 store og små bussar i Bispegata, og med kaffi i alle kopphaldarar toga vi ut den vegen vi kom inn. I haustsol og med +17 på termometeret i dashbordet forsvann Drivdalen, Dovrefjell, Grønnbakken, Hjerkinn og alle stadene våre forbi bussvindauga i ein røyk. Det kjennest nesten respektlaust. Elgen på Dombås heldt seg i skogen når den svarte Borgbussen kom susande, klok av skade, og  nokre rådyr på Ørskogfjellet slapp med skrekken i fjernlyset frå inspektøren. Mørket senka seg over ei fin rad med gode opplevingar. Inspirerande for nye år og nye mil med vandring.

Fleire bilete frå turen finn du i dette facebookalbumet.

Lesernes kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.