Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   E PLURIBUS UNUM (AV MANGE EITT

DC er Amerikas offisielle utstillingsvindauge. Idag har vi sett kva Amerika vil vere: Ein nasjon av eit folkelegmangfald. Mangfaldet er lett å oppdage her, ikkje alltid like lett å finne einskapen.

Kongressmannen Sam Graves, Missouri, (dvs staben hans) tok imot oss og gav oss tur i Kongressbygninga.Kuplar og søyler som minte meir om Roma og Athen enn USA. Tydeleg å merke kvsr nasjonens fedre fann røtene tilden nye nasjonen.

Idag er det som var ein nasjon av kvite anglikanske engelskmenn, blitt eit konglomerat av svarte og kvite, gule og raude. Fyrste svarte presidenten har dei. Den neste kan godt bli ei kvinne. Og du må kunne snakke både spansk og engelsk idag for å få makt. Snart sikkert også kinesisk.

Ikkje berre lett å skulle gjere eitt av dei mange.