Alle blogginnlegg
Både vi og pelikanane likar fisk. Vi på kaia og pelikanane på sjøen nedanfor. Dei fekk fiskerasket frå kjøkkenet, vi fekk foredla varer: shrimp, oysters, scallops, grouper, crabs, clams, salmon, mahi-mahi osb. Attåt vanka det grits (sørstatsrett av mais, istadenfor poteter), hush puppies, french fries, cole slaw m.m.
Vi snakkar om ein lokal stam-restaurant, Starfish. Ein attraksjon i seg sjølv, meir som ei rønne å sjå til på avstand, men verdsberømt som lokasjon for fleire filmar. Kven har sett «Great Expectations» med Robert De Niro og Gwyneth Paltrow og «The Perfect Storm» med George Clooney, Mark Wahlberg og Diane Lane? Dei har begge mange scner frå Starfish-restauranten og miljøet rundt. Pelikanane i filmen hadde vi middag med i dag.