Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Cold Sun

Polar jet stream heiter det her borte, det som har råka oss siste dagane. Sol frå knallblå himmel, og likevel knallkaldt for øyre, fingrar og tær. Washington DC hadde idag same temp som Fairbanks, Alaska, altså nesten nordpolen.

Vi held fram med å pakke oss inn i ull og uggs og går alltid på ‘the sunny side of the street’. Men polvindane gjer også sola så kald at sjølv eit museum vert å foretrekkje.

Så American History Museum, Air and Space, Smithsonian, American Indian, Crime and Punishment – og kva dei heiter alle musea langs the National Mall, der brukte vi halve dagen idag. Ganske lærerikt med polar jet stream!