Alle blogginnlegg
Vi har kryssa både ei statsgrense og ei tidssone. No i Columbus, Georgia. Ved Chattahoocee, ei elv som i si tid brakte både liv og levebrød til denne byen. Idag til stor glede for turistar som oss.
For elva eignar seg både til ‘whitewater rafting’ og ‘zip lining’. Vi gjorde begge deler, to gongar. Så dette vart ein aktivitetslaurdag.
Litt høgde-nervar var det å spore då folk skulle hoppe frå 15 m. Lettare gjekk zip-lina over elva. Nokre stopp vart det for balanse-utfordringane i skogen. Men whitewater-raftingen tok vi på strak arm.
Sigurd var førstemann over bord, men vart redda tilbake til livet av resten av gutebåten. Så enda den eine etter den andre i dei brusande stryka. Men kun smil og ein gjeng som var godt fornøgd med seg sjølv etter dysten.
Imorgon skal vi på søndagsskule med peanøttfarmar og president Jimmy Carter, i Plains, Georgia, om lukka står oss bi. Det går rykte om at det er fire timars ventetid på å kome inn på søndagsskule-timane hans. Og det har vi ikkje tid til. Siste nytt kjem på bloggen imorgon.