Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   BØFFEL OG BØFFELBURGER

blog_3261

Kva er best, bøffelburger på eit ‘haunted hotel’ eller bøffel lys levande på prærien?
Meiningane er delte i USA-klassa. Men idag har vi i alle fall testa begge deler.

På St James hotell i Cimarron går både slåsskjemper, cowboys og gledesjenter igjen den dag idag. Dei har ikkje fått fred i si sjel og heimsøkjer dette staselege hotellet som rettnok hadde si storhetstid på 1800-talet. I andre etasje fekk vi vist kvar både kjendisar og spøkelse frå den tida hadde og har tilhald.

Den veldig romslege baren viste fram originale kulehol i både veggar og tak rett over hovuda våre der vi sat og åt bøffelburgar med french fries eller sweet potato fries og andre godsaker. Bøffel er forbløffande godt.

Og, ja, vi veit at det ikkje heter bøffel, eigentleg. Bison er rette namnet. Men når alle seier bøffel, så …

Men på Vermejo Ranch held dei seg til rett terminologi. Denne kjemperanchen som magnaten Ted Turner både eig og driv til beste for utvikling av bøffel-bestanden, har idag 1500 bøfflar drivande rundt på prærien. Fascinerande korleis dei tek vare på denne bestanden av genetisk reine dyr. Idag var ein stor flokk av dei inn til årleg sjekk. Langvarig arbeid med hest og ATV for å samle flokkane frå fjella og prærieslettene. Så vert dei slusa inn, ein og ein, til dei er låste i ein bås der det vert gjort vaksinasjon og sjekka graviditetstest, vekt m.m.  Alt gjort unna på litt over eit minutt pr dyr.

Så er det i vilt trav langt ut på prærien igjen så langt unna sivilisasjonen som muleg. Heldigvis er dei vel uvitande om at vi som iakttog dei på nært hald idag, nyleg hadde ein av slektningane deira til lunsj.

Nervane kom elles i høgspenn for fleire på brua over ‘the Rio Grande gorge’. Imponerande, til å ta pusten frå ein stakkar. Og langt der nede susar raftarane forbi sommarstid.

blog_3184

blog_3186

blog_3188

blog_3190

blog_3192

blog_3195

blog_3196

blog_3200

blog_3210

blog_3213

blog_3219

blog_3225

blog_3227

blog_3232

blog_3238

blog_3243

blog_3244

blog_3245

blog_3247

blog_3248

blog_3251

blog_3252

blog_3253

blog_3254

blog_3258

blog_3259

blog_3260

blog_3263

blog_3264

blog_3268

blog_3269

blog_3271

blog_3278

blog_3280

blog_3282

blog_3285

blog_3292

blog_3293