Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Black Hawks vs Coyotes

blog_0664Krigarar, villdyr, mat og drikke, reklamepausar, pauseunderhaldning, 20.000 menneske trykte ihop under same tak – ja, kort sagt sport. Denne gongen NHL-ishockey. 30 grader ute, kjøleg på tribuna og is på bana.

Alltid spennande med toppliga-sport, men dette var ein ujamn kamp. Interessant fenomen: Det såg ut til å vere fleire borte- enn heimesupportarar på tribuna. Forklaring: Heimesupportarane byter lojalitet fordi heimelaget er så dårleg. Ingen vil heie på eit tapande lag.

Likevel var ikkje utfallet så ille: Black Hawks, oppkalla etter ei indianarstamme ved Chicago, vann 2-1, men heimelaget Arizona Coyotes, oppkalla etter prærieulvar, fekk første målet. Og vi veit litt meir om det indre livet i amerikansk ishockey.

Desstuan fekk vi med oss heime-supportar-handkle, rettnok i miniversjon, men, men …

blog_0636 blog_0673 blog_0660 blog_0672 blog_0674