Anna Maria Island, øya der 500 kg snille forhistoriske manatee bur, der skilpadder legg egg og delfinar leikar mellom badegjestane.
For ikkje å gå heilt i oppløysing på beachen, gjorde gutta denne dagen til bike cruise dag. Etter frukost med ‘all you can eat pancake’, drog vi heile øya på langs. Forsåvidt einaste valet, sidan øya er eit steinkast brei. Vi cruisa heile dagen, berre avbrote av bading i surfe-bølgjene.
At Andreas spanderte sigar i sanden, sette forsåvidt eit slag prikk over i-en. Burger på Skinny’s og øving på å gå på slakk line mellom palmetrea, høyrer også med til ein perfekt dag.