Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Atlantic to the Gulf
1-IMG_7507
Lange bilturer på Interstate i USA er svært stimulerende…

USA-klassa er ‘on the road again’. Ikkje veldig langt, men likevel tvers over Florida frå Atlanterhavskysten til Mexicogulfen. Grei dag å ha som reisedag, for vi fekk alle regnbygene innandørs i bilen.

Men ikkje verst å bade i Atlanteren før frukost og i Gulfen før kveldsmat. Like varmt i begge hav, 23 grader.

Roadtrip-livet høyrer absolutt med til det amerikanske. Timar i bilsetet, cruisekontroll på bilen, monotone instruksjonar frå gps’n, 18-wheelers som dundrar forbi, korte do-og burgerstopp med jamne mellomrom.

No har vi tre dagar framfor oss på Anna Maria Island, i feriehus på stranda. Kanskje ikkje nld endig å nemne at alle er godt fornøgde med både veret og tilveret.

1-IMG_7511
Dagens rute tvers over Florida passerte like ved Disney World
1-IMG_7509
Objects in mirror are closer than they appear