Alle blogginnlegg
Denne dagen starta amish. I Jamesport i nordlege Missouri er eit av dei opne amish-samfunna. Dei beste bakeria, beste økologiske grønsakene, ivrigaste bøndene, dyktigaste møbelsnekkarane, flottaste bunnyane (hestekjerrer) osb. Det var etter kvart mange fotostopp. Ikkje rart at vi fekk ord på oss å vere trafikkfarlege fototuristar. I tillegg ikkje til å unngå at det vert kluss i trafikken når bilar og hest-og-vogn skal passerast.
Amish-folket har namn etter ein predikant frå Sveits, Jakob Amman, som i 1693 leia ei utbrytar-gruppe av anabaptistar som tok namn etter han. Og som etter kvart emigrerte frå Europa for å få drive si gudsdyrking i fred utan forfylgjing frå statskyrkjer.
No er spørsmålet: Er Matthias sin eigentlege misjon å etablere amisk-folket i Noreg?