Søk plass
Hjem  |  Ukategorisert   |   Alligator Dundee

img_6385_web

Airboats kjenner vi frå Donald, men det er spesielt å kjenne det susar i sivet i ein flatbotna aluminiums-pram med luftpropell. Sjøfuglane har eit svare strev med å kome unna. Det går over holmar og skjer. Sjøliljene ligg herpa etter oss og sivet vert gnagd i filler der vi fer fram. Alligatorane hadde vi meir respekt for, og dei for oss. Men korleis det gjekk med slangane veit vi ikkje. Lettare airboats kan visst køyre like lett på land som til vanns. Best å halde seg unna.

Det vart ein spennande tur gjennom dyre-, plante- og fuglelivet i alligator-land. Vi er i nordenden av Floridas Everglades som inneheld sjeldne dyr. I det siste har invaderande pyton-slangar også fått omtale. På oss kika små og store alligatorar (opp til 250 kilo og 85 år) fram og heldt auge med oss. Vi såg akrobatiske fuglestup og majestetiske Bald Eagles (USA’s nasjonalfugl).

Dagen var 28 gr varm, og alligatorane var komne opp for å trekke til seg solvarme. Vi møtte desse fortidsdyra i både vaksen-utgåve og som halv-års og 1-2-3 år gamle born. Dei vaksne har berre menneske som fiendar, men dei små har mange. Berre 1 av 10 fødde alligatorborn veks opp.

Godt å vite at det er liten grunn til å vere redd dei. Kjem du for nær ein, stikk han av før du rekk å gjere det.

Etterpå var det all-you-can-eat-buffet a la China.

img_6324_web img_6325_web img_6328_web img_6331_web img_6334_web img_6345_web img_6349_web img_6354_web img_6362_web img_6365_web img_6370_web img_6371_web img_6377_web img_6380_web img_6383_web img_6386_web